BUSKAP
30.10.2017
Med fôring etter planlagt avdrått får kyrne om lag 60 dagar til å visa om dei responderer på fôringa, og etter dette kan ein justera ned kraftfôrforbruket til kyr som mjølkar mindre enn planlagt.
Høgtytande kyr som mjølkar meir enn fem kg over planlagt avdrått per dag, kan ein oppjustera tidleg for å sikra energidekning i tidleg laktasjon. Det er også eit viktig poeng å følgja godt med på holdet, gjennom laktasjonen. Det bør liggja stabilt på rundt 3,0 - 3,5 ved kalving og avsining, men ha ein liten reduksjon på 0,25 - 0,5 holdpoeng frå kalving til toppyting.
Mest mogeleg mjølk på ein økonomisk måte
Asle Hammerhaug Garberg og Marit O. Grøtte i Selbu bygde på fjøsen i 2010 samstundes som dei sette inn mjølkerobot. I samband med utbygginga har paret hatt fokus på at dei ynskjer å produsera mest mogeleg mjølk på ein økonomisk måte, og her er det fôringsrådgivar i Tine Noralv Sandvik kjem inn i biletet. - Me er komme dit vi er i dag saman med Noralv, og sjølv om me har brukt mykje pengar på rådgiving, så er me sikre på at denne investeringa har lønt seg, seier Marit. Dei brukar om lag 20 000 kroner i året på fôringsrådgiving, og i denne summen ligg fire besøk i året, rådgiving på telefon, og det er Noralv som styrer all kraftfôrtildeling via fjernstyring av mjølkerobot og kraftfôrautomatar.
- Her er det kundane som bestemmer kor mykje rådgiving dei vil ha, nokon treng berre hjelp i starten, for så å bli nærast «sjølvgåande». Andre vil setja bort mange oppgåver, så her er det individuelle tilpassingar, seier den rutinerte og dyktige fôringsrådgivaren.
Rett hold er avgjerande
Tidlegare var ein del av utfordringa at dyra var litt feite. - No ser det bra ut, smiler Noralv. Holdet bør liggja på om lag 3,0 - 3,5 ved kal
Gå til medietMest mogeleg mjølk på ein økonomisk måte