AddToAny

- Stillingsvernet er svekka

- Stillingsvernet er svekka
Høgsterett har gitt Universitetet i Oslo medhald i at ein oppsagt forskar ikkje har fortrinnsrett til stilling som førsteamanuensis.
Forskerforbundet representerte forskaren som hadde vore tilsett i ulike eksternt finansierte stillingar ved UiO i 18 år. I 2014 vart han oppsagt med grunngjevinga at den eksterne finansieringa var falt bort. Forskaren saksøkte UiO og vann saka i lagmannsretten etter først å ha tapt i tingretten. UiO anka saka til Høgsterett, som valde å handsame den delen av anken som handla om kva type stilling det kan krevjast fortrinnsrett til.

Ifølgje Tenestemannslova har tilsette i staten, dersom dei blir oppsagde fordi arbeidet er falt bort, fortrinnsrett til anna passande stilling i verksemda. Det sentrale spørsmålet i Høgsterett var om ei kombinert forskings- og undervisingsstilling som førsteamanuensisstillingar er, kan reknast som anna passande stilling for ein person som kjem frå ei forskarstilling med stillingskode 1109. UiO hevda at eit førsteamanuensisstilling inneber avansement og difor ikkje kunne reknast som anna passande stilling for forskaren. Advokat Mariann Helen Olsen, som førte saka på vegner av den oppsagde forskaren, hevda at stilling som førsteamanuensis og stilling som forskar er likeverdige, og at det ikkje er grunnlag for å seie at ei stilling som førsteamanuensis ikkje er passande for ein tilsett i forskarstilling, så sant forskaren fyller alle kvalitetskrava til stillinga.

Høgsterett gav UiO medhald i at ein forskar ikkje har fortrinnsrett til stilling som førsteamanuensis, med ei røystefordeling på 4 mot 1.

Er usamd i vurderinga

- Dette har vore ein uavklart situasjon i sektoren. No har Høgsterett konkludert med at ei stilling som førsteamanuensis ikkje er ei passande stilling for ein forskar 1109, sjølv om vedkomande er kvalifisert for stillinga. Eg er usamd i denne vurderinga, men tek konklusjonen til etterretning, seier generalsekretær Hilde Gunn Avløyp i Forskerforbundet.

- Avgjerda medfører ei ytterlegare svekking av stillingsvernet for vitskapleg tilsette, som er svakt frå før på grunn av mange negative særreguleringar i lovverket. Forskerforbundet forventar at departementet tek tak i dette lovmessig. Vi kjem ikkje til å gje oss før vitskapleg tilsette har det same stillingsvernet som resten av arbeidslivet.

Då forskaren vann i lagmannsretten, la retten vekt på at stillingsvernet til den tilsette i dette tilfellet vog tyngre enn universitetets rett til å velje å tilsetje betre kvalifiserte. Fleirtalet i Høgsterett kom til motsett konklusjon, og la vekt på dei breie krava til kompetanse og den særskilte utveljingsprosessen som gjeld for stilling som førsteamanuensis. Mindretalet, høgsterettsdommar Clement Endresen, gjev i si grunngjeving uttrykk for at han er usamd i denne premissen, og viser mellom anna til at reglane for opprykk ikkje støttar UiO sitt argument om at førsteamanuensisstilling rangerer høgare enn forskarstilling. I den oppsagde forskaren sitt tilfelle var det semje om at han var kvalifisert til førsteamanuensisstilling, men då UiO i forkant av oppseiinga kartla om det fanst andre passande stillingar for forskaren, vart førsteamanuensisstillingar ikkje vurderte, ettersom dei ikkje vart rekna som passande.

- I utgangspunktet er alle - politikarar, Forskerforbundet og andre organisasjonar i arbeidslivet - samde om at det skal gjerast attraktivt å jobbe i akademia slik at ein tiltrekk seg dei beste kandidatane. Men så får vi altså i staden reguleringar som gjer det mindre attraktivt, seier Avløyp.

Eit framlegg til ny tenestemannslov ligg no til handsaming i Kommunal- og moderniseringsdepartementet etter å ha vore ute til høyring tidlegare i år.

- Vi ventar at departementet legg fram forslag til ny lovregulering for Stortinget i løpet av vinteren, og vi vil ta med oss denne saka vidare i det politiske arbeidet vårt, seier Avløyp.

Heile domen kan lesast her.

Forskerforbundet ved Mariann Helen Olsen (t.v.) møtte Universitetet i Oslo ved regjeringsadvokat Elisabeth Stenwig (t.h.) i Høgsterett torsdag 3. november i saka om fortrinnsrett for forskarar. Foto: Johanne Landsverk

Gå til mediet

Flere saker fra Forskerforum

Forskerforum 30.01.2025
Forskerforbundet og Tekna har inngått en avtale med Abelia som sikrer forskningsinstitutter under Abelia mulighet til å ansette stipendiater og
Forskerforum 30.01.2025
Forskarar som var misnøgde med Twitter etter at Elon Musk kjøpte plattforma, flokkar seg no om Bluesky. Men kva kjenneteiknar det ideelle sosiale mediet?
Forskerforum 30.01.2025
Akademisk skriving har blitt et pliktløp med trange rammer. En ny generasjon vil skrive på egne premisser.
Forskerforum 30.01.2025
Forskerforum 30.01.2025

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt