Norsk Landbruk
06.04.2017
Målet med gjødslinga er å syte for høveleg fôrmengde og kvalitet til rett tid. Sidan beite blir hausta langt oftare enn slåttemark, må gjødslinga vere ulik.
på beite legg også dyra att eiga gjødsel, så dei som ikkje nytter husdyrgjødsel på enga, lyt òg gjere skilnad på gjødseltype.
Generelt er det best å gjødsle lite og ofte. Det gir jamnast tilvekst og kvalitet på beitet. Tre til fem kilo N/daa ein gong i månaden, eller etter avbeiting, avhengig av kløvermengd og avlingspotensial, er høveleg. Veksten har ikkje behov for meir før det bør vere avbeitt. På beite med fleirårige artar kan ein gjødsle til maks to avbeitingar, etter at månaden med vårbeite er unnagjort. Veksten er då ikkje like intens, og problema med overvaksne beite mindre enn på våren. Dette føreset at ein greier å halde graset nede på b


































































































