Den 14. januar la Politidirektoratet (POD) ut informasjon på politiet sine intranettsider Kilden, om ein komande revisjon av gradssystemet i politiet. Dette som følgje av eit oppdrag frå Justisdepartementet om å gjennomgå planverket for å sikre kontinuitet under pandemien. Politidirektør Benedicte Bjørnland avslørte at POD vil nytte høvet til å jobbe for at leiarar under seksjonsleiarnivå skal få større «operativitet» og omfattast av kontinuitetsplanane for å forsterke politiets operative kapasitet også i andre kriser enn den aktuelle pandemien. Bjørnland la også til at eit slik grep vil «kunne begrunne særalder».
Ut frå den siste tidas debatt om «stillingskodesaka» på Politiforum, er dette utvilsamt gledelege nyheiter for mange i etaten. No kan PHS-utdanna etterforskarar søkje opprykk til avsnittsleiarnivå utan å risikere å måtte arbeide 10-13 år ekstra. Vedkomande slepp også usikkerheita det vil medføre å måtte konkurrere om stillinga mot revisorar, dataingeniørar og andre «sivile» med like lang erfaring som etterforskar.
For dei av oss som arbeider med straffesaksbehandling - og som er opptekne av at etterforskinga skal vere effektiv og halde høg kvalitet - er det lite grunn til å juble over politidirektørens bodskap. Medan vår PHS-utdanna kollega og avsnittsleiar i ein alder av 57 år kan forfølgje barndomsdraumen om å bli bussjåfør eller trikkekonduktør, eventuelt halde fram med etterforskingsarbeid i eit forsikringsselskap, og samtidig heve full pensjon frå det offentlege, må dei attverande på etterforskingsavdelinga med sivile utdanningar finne seg i å vente til dei blir 70 år før dei går av med pensjon. Dei sistnemnde kan heller ikkje søke på den ledige stillinga som avsnittsleiar, ettersom stillinga på grunn av politidirektørens «operative grep» vil bli lyst ut med eit ufråvikeleg krav om grunnutdanning på PHS