Med mildt klima og tidlege beiter greier Tormod Våga å levere slaktemodne lam allereie i slutten av august. I fjor gjekk han først på ein smell då han mista 30 lam på grunn av kasting, og så tippa slaktevekta ned i 19,1 kilo. I år ser det langt betre ut.
- Lamminga i år gjekk heilt etter planen, og me fekk 280 lam som blei slepte på beite. Våren var bra, og beitet var fint lenge, men dei siste fjorten dagane kom det så mykje regn at tilveksten var veldig låg på slutten. Me tapte nok ein kilo eller to i levandevekt på dårleg beite dei to siste vekene, fortel 45-åringen.
Dei 40 første lamma blei sende til slakteriet midt i august. Den siste mandagen i månaden var turen komme til 192 lam til, samt 24 sauer. Sjølv om tilveksten stoppa opp på slutten,


































































































