Utdanning
06.10.2023
Elevar og tilsette har mista trua på å ordne opp på lågaste nivå.
Jussen skal sikre oss mot menneskelege feil, rettleie oss og rette opp feilsteg. I etisk profesjonsutøving er jussen avgjerande for vurderingane som skal gjerast: Er praksis ulovleg, må den stoppast. På den andre sida kan det vere lurt å reflektere kring ulike forståingar og deretter praksisar av lovteksten. At noko er lov, betyr ikkje at alle tolkingar er kloke. Kan hende opnar lova for andre og betre praksisar.
Ei slik evaluering av tolkingspraksisar ønskjer eg velkomen i både kapittel 9a-saker i skulen og varslingssaker i arbeidslivet. Etter pandemien erfarer fleire at både elevar og tilsette på ulike typar verksemder har mista trua på å ordne opp på lågaste nivå. Eg trur lovtolkinga har delskuld i denne utviklinga. Arbeidstakarar som berre treng å lufte eit ubehag med leiar eller kollega, opplever at dei raskt vert kanaliserte inn i varslingsrutinar. Kort tid etterpå står dei i omfattande sak med strenge juridiske reguleringar for korleis saka skal belysast og kollegaer involverast. Leiar er redd for å bli skulda for ikkje å ha teke ansvar og opplever at ansvar berre er teke når det kan dokumenterast i tråd med juridisk varslingslovverk. Ein mellommenneskeleg samtale mellom to arbeidstakarar held ikkje vatn. Tida for sunt folkevit og trua på at kollegaer kan prøve seg fram til ei løy
Gå til medietEi slik evaluering av tolkingspraksisar ønskjer eg velkomen i både kapittel 9a-saker i skulen og varslingssaker i arbeidslivet. Etter pandemien erfarer fleire at både elevar og tilsette på ulike typar verksemder har mista trua på å ordne opp på lågaste nivå. Eg trur lovtolkinga har delskuld i denne utviklinga. Arbeidstakarar som berre treng å lufte eit ubehag med leiar eller kollega, opplever at dei raskt vert kanaliserte inn i varslingsrutinar. Kort tid etterpå står dei i omfattande sak med strenge juridiske reguleringar for korleis saka skal belysast og kollegaer involverast. Leiar er redd for å bli skulda for ikkje å ha teke ansvar og opplever at ansvar berre er teke når det kan dokumenterast i tråd med juridisk varslingslovverk. Ein mellommenneskeleg samtale mellom to arbeidstakarar held ikkje vatn. Tida for sunt folkevit og trua på at kollegaer kan prøve seg fram til ei løy


































































































