Professor/dosent i pedagogikk, stilling nr. 15/2016
Ved Høgskulen i Volda, Institutt for pedagogikk, Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning (AHL), er det ledig ei stilling som professor/dosent i pedagogikk. Prioritert område for stillinga er profesjonsforsking knytt til barnehage/skule.
Stillinga er knytt til undervisning, forsking og utviklingsarbeid innanfor dei utdanningane og studieemna som instituttet har ansvar for. Den tilsette i stillinga kan bli pålagt ansvar for forskingsleiing og -rettleiing ved instituttet.
Den som blir tilsett, må ha relevant kompetanse innan både forsking, undervisning og formidling. Det er krav om eksamen av høgare grad (cand. paed. cand. spec. paed. cand. polit. relevant mastergradstudium eller tilsvarande). Søkjarane må ha doktorgrad eller tilsvarande med relevans for fagområdet for stillinga, og må dokumentere relevant forsking på eit breiare felt ut over dette.
Søkjarar kan innkallast til prøveførelesing og/eller intervju.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkinga. Det er eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Høgskulen praktiserer moderat kjønnskvotering.
Tilsetjing skjer på dei vilkår som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ og instruksar som gjeld for stillinga, m.a. lovfesta innskot i Statens pensjonskasse.
Stillinga er lønt i statens lønsregulativ l.pl 17.510, professor kode 1013, ltr. 68 101 eller dosent kode 1532, ltr 69-101.
Det er lenke til elektronisk søknad på www.hivolda.no/stilling.
Søknadsfrist: 2. mai 2016
Søknaden skal gje eit fullstendig oversyn over utdanning og tidlegare praksis. Vedlegg skal lastast opp som separate filer i eit format som kan leggjast ved elektronisk; PDF, PMG, JPEG, ODF, DOC. Dersom vedlegga samla overstig 15 MB, må dei komprimerast før dei vert lasta opp. Vedlegg må ha namn som samsvarar med innhaldet i filene.
Følgjande dokument/filer skal leggjast ved den elektroniske søknaden:
rettkjende kopiar av vitnemål og attestar, desse skal vere samla i ei fil
CV med kontaktinformasjon til referansar og liste over dei arbeida eller delar av arbeida som det skal leggjast særleg vekt på ved vurderinga
mastergradoppgåve/hovudfagoppgåve
inntil 15 aktuelle vitskapelege arbeid
Søknaden vert vurdert med den informasjon som ligg føre elektronisk. Søkjarane sine kvalifikasjonar vert vurderte av eit sakkunnig utval. Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle dokument/filer er lasta opp innan søknadsfristen. Søknader eller vedlegg kan ikke sendes på e-post til høgskulen. Søker må ta med original/godkjente kopier av attester og vitnemål på eventuelt intervju.
I samsvar med offentleglova 25 kan opplysningar om søkjaren bli unnatekne i offentleg søkjarliste. Søkjarar som ønskjer å reservere seg må under Søknad krysse av for Er det grunnlag for å bli unntatt offentlighet, jamfør Offentlighetsloven og grunngje søknaden. Høgskulen kan likevel avgjere at namnet på søkjaren skal offentleggjerast. Søkjaren vert varsla dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje.
Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte dekan Arne Myklebust, tlf. 70 07 50 95, eller instituttleiar Silje Ims Lied tlf. 70 07 52 94.
Søk stillingen
Stillingsomtale
Det er ledig ei stilling som professor/dosent i pedagogikk ved Institutt for pedagogikk, Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning, Høgskulen i Volda. Stillinga skal styrkje fagstaben, med særleg vekt på profesjonsaspektet knytt til i barnehage og skule.
Institutt for pedagogikk har for tida 24 tilsette og gjev utdanning i pedagogikk innanfor barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning, praktisk-pedagogisk utdanning og mastergradstudium i undervisning og læring.
Instituttet er engasjert i fleire store nasjonale forskingsprosjekt med finansiering frå Noregs forskingsråd. Felles for desse prosjekta er ei sterk profesjonstilknyting. Særleg sentralt er å studere og få kunnskap om kva som går føre seg i barnehage og skule i mange ulike praktiske og teoretiske perspektiv. Det er forventa at den som blir tilsett i den ledige professor/dosentstillinga, skal ta del i og utvikle denne profilen ytterlegare.
Alle lærarutdanningane i Noreg er inne i omfattande og krevjande endringsprosessar. Det er særleg sterke nasjonale føringar på å yrkesrette utdanningane. I det arbeidet er profesjonstenkinga særleg sentralt. Til stillinga ligg difor eit ansvar for å vidareutvikle profesjonsprofilen i desse utdanningane og i instituttet gjennom samarbeid med dei ulike fagdidaktiske miljøa ved høgskulen.
Til stillinga er lagt eiga forsking, rettleiing av stipendiatar og mastergradstudentar og undervisning. Undervisningsspråket er norsk. Aktuelle område for undervisning er tema knytt til profesjonsutøvinga i barnehage og skule. Innanfor denne ramma er det også aktuelt å gå inn på metodiske/vitskapsteoretiske spørsmål særleg innanfor masterstudiet undervisning og læring.
Ein kort informasjon om dei ulike utdanningane vi tilbyr ved institutt for pedagogikk følgjer nedanfor:
Master i undervisning og læring
Mastergradstudiet i undervisning og læring har tre spesialiseringar: matematikk, norsk og spesialpedagogikk. Hovudmålet med studiet er å gje studentane solid kompetanse for arbeid på dei respektive områda i barnehage og skule. Spesialiseringa i norsk og matematikk er innretta mot arbeidet i skulen. Spesialiseringa i spesialpedagogikk, som institutt for pedagogikk har hovudansvaret for, er innretta mot arbeid både i barnehage og skule.
Studiet gir vitskapleg funderte kunnskapar og ferdigheiter på dei områda studentane spesialiserer seg. Det gir ei innføring i vitskaplege arbeidsmåtar og forskingsmetodar, og trening i sjølvstendig vitskapleg arbeid. Undervisninga er forskingsbasert og handlar om det teoretiske og metodiske grunnlaget for spesialiseringane. Det vert lagt vekt på analytisk tenking, teoretisk og praktisk problemløysing, trening i skriftleg og munnleg presentasjon og tilrettelegging for læring.
Studiet legg stor vekt på omsynet til fellesskapen og mangfaldet i gruppa av barn, unge og vaksne under opplæring. Tilpassa opplæring er sentralt. Utgangspunktet er at all opplæring skal ha inkludering som ideal. Det har ein kritisk vitskapleg og forskingsmessig basis. Studiet gir innsikt i skulefaglege, institusjonelle, relasjonelle og individuelle utfordringar i opplæringa. Det gir grunnlag for å få kunnskap om ulike faglege tilnærmingar både i ordinær undervisning og spesialundervisning.
Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU)
Praktisk-pedagogisk utdanning er eit yrkesretta, praksisbasert studium. I studiet inngår pedagogikk, fagdidaktikk og praksis med rettleiing. Studiet legg til rette for at studentane mellom anna kan tileigne seg ferdigheit i å planleggje, gjennomføre og kritisk analysere undervisning, med utgangspunkt i refleksjon over elevane si læring.
Praktisk pedagogisk utdanning skal knytte teori og praksis saman til eit heilskapeleg og integrert studium sikta inn mot framtidig yrke som lærar. Prinsippet om yrkesretting av utdanninga krev at det blir lagt til rette for studentaktive arbeidsformer, praksisbaserte oppgåver og vurderingsordningar som ein del av læreprosessen.
Vi tilbyr årsstudiet i PPU både som heiltids- og deltidsstudium.
For å undervise i PPU er det ønskjeleg med kompetanse i og erfaring frå grunnskule og/eller vidaregåande skule.
Grunnskulelærarutdanning
Grunnskulelærarutdanninga er eit 4-årig bachelorgradsstudium retta inn mot pedagogisk arbeid i grunnskulen. Utdanninga er sett saman av faget pedagogikk og elevkunnskap, praksisopplæring og sentrale skulefag der fagstudium er kombinerte med fagdidaktikk. Utdanninga skal fremme studentane si personlege utvikling og deira yrkesetiske haldning, utvikle evne til refleksjon og vekke interesse for relevant fagleg og pedagogisk utviklingsarbeid. Faget pedagogikk og elevkunnskap har 60 studiepoeng i utdanninga. Innhaldet i faget tek til dømes føre seg læraren si tilrettelegging for elevane si læring og utvikling, elevmangfald og tilrettelegging av læringsprosessar
PEL-faget tek utgangspunkt i fire område som grunnlag for utvikling av profesjonskompetanse. Desse områda er lærarrolla, læreplan, læring og undervisning. Det er læraren sitt arbeid i møte med eleven, elevgruppa og lærestoffet som er i sentrum. Forskingsbasert kunnskap om læring og undervisning står til dømes sentralt. Studiet gir innsikt i pedagogiske utfordringar knytt til didaktikk og læringsmiljø, klasseleiing, profesjonsetikk og realisering av læreplanintensjonar.
Barnehagelærarutdanning
Barnehagelærarutdanninga er eit 3-årig bachelorgradsstudium. Utdanninga legg vekt på samspel mellom høg fagleg, didaktisk og sosial kompetanse saman med evne til profesjonsetisk refleksjon i pedagogisk arbeid med barn i barnehagen. Pedagogisk leiing er ein sentral del av barnehagelæraryrket. Ei målsetjing gjennom heile studiet er å utdanne barnehagelærarar med kompetanse i leiing av barnegrupper og personalgrupper. Eit overordna, gjennomgåande tema er profesjonsidentitet. Andre gjennomgåande tema er dei yngste barna i barnehagen og barns rett til medverknad og mangfald.
Utdanninga sitt innhald er strukturert i seks kunnskapsområde, saman med ei fordjuping og ei bacheloroppgåve. Alle kunnskapsområda skal vere profesjonsretta, og skal integrere relevant pedagogisk, fagleg og didaktisk kunnskap som er tilpassa barnehagen sine fagområde. Pedagogikk er eit sentralt og samanbindande fag som inngår i alle kunnskapsområde og har eit særleg ansvar for progresjon og profesjonsretting av utdanninga.


































































































