Forskerforum
05.09.2022
Kvart år brukar Beate Strøm Johansen tusenvis av timar på feltarbeid. Målet er å redde ein truga slangeart.
Det er tidleg morgon på Møvik fort i Kristiansand. Sola skin, og etter regnvêret i går er det ein perfekt dag for å leite etter slangar. Her i området rundt Kristiansand kanonmuseum bur nemleg Noregs største bestand av slettsnok, som er ein av tre slangeartar her i landet. Dei andre to er buorm og hoggorm.
- Slettsnoken er synleg berre nokre timar om morgonen og er nok den slangearten i heile Europa som er vanskelegast å studere. Det meste av livet sitt lever han nede i bakken i visse steinmurar eller steinrøyser. Men han likar seg i opne, solrike landskap, slik som her, fortel Beate Strøm Johansen. Ho er zoolog ved Naturmuseum og botanisk hage, Universitetet i Agder (UiA). Og berre 30 meter frå parkeringsplassen ligg ein døsig slange i vegkanten:
- Å, eg kjenner han igjen! Det er Ikea, som bur i denne steinmuren, seier Johansen. Ho tek slangen i hendene og gjev han ein liten «kos». For sjølv om slettsnoken har tenner og kan bite, er han ikkje giftig.
Følgjer bestanden over tid
I Noreg lever slettsnoken langs kysten frå Oslofjorden til Stavanger og i dalføra innanfor der det er varmt sommarklima. Slettsnoken er det einaste reptilet her i landet som står på raudlista over truga og sårbare artar.
- Enno veit vi lite om korleis slettsnoken lever, og difor trengst det svært mykje feltarbeid, seier Johansen. Kvart år brukar ho tusenvis av timar i felten for å leite etter slettsnok i ulike område i Agder.
- Det starta med at eg vart kontakta i samband med planlegginga av ny motorveg utanfor bykjernen i Kristiansand. Ulike forslag til vegtrasear var ute på høyring, og då hadde eg allereie funne slettsnok i ein av dei planlagde traseane. Eg forstod at det var stort behov for forsking her som slettsnoken har så stor utbreiing.
Naturmuseum og botanisk hage, med Johansen i spissen, har difor på
Gå til mediet- Slettsnoken er synleg berre nokre timar om morgonen og er nok den slangearten i heile Europa som er vanskelegast å studere. Det meste av livet sitt lever han nede i bakken i visse steinmurar eller steinrøyser. Men han likar seg i opne, solrike landskap, slik som her, fortel Beate Strøm Johansen. Ho er zoolog ved Naturmuseum og botanisk hage, Universitetet i Agder (UiA). Og berre 30 meter frå parkeringsplassen ligg ein døsig slange i vegkanten: