AddToAny

Opprivande runesteinstrid

Opprivande runesteinstrid
Kristin S. Grønli Ein to tonn tung runestein har hovudrolla i ei vond sak der velvillig utlånte forskingsresultat blei publiserte framfor nasen på eigarane. Forsøket på løysing blir kalla historieforfalsking.
I sentrum av problemet står Øverbysteinen. Dette er ein runestein frå 400-talet som ligg på garden Øverby i Rakkestad. I nyare tid har den to tonn tunge steinen vore brukt til kvilebenk. Då forskarar og fylkesarkeologar fekk vite om runene i 2017, blei det ein sensasjon som skapte overskrifter også utanfor landegrensene.

Å lese og tolke runene blei deretter ein omfattande jobb over ein periode på to år. Forskarar frå Kulturhistorisk museum (KHM) i Oslo og fylkesarkeologar frå Østfold stod for arbeidet. Runene er delvis dårleg bevarte, og teknisk svært avanserte undersøkingar måtte til. Dei mest skadde runene var dessutan skjulte på undersida av steinen.

Kva står på steinen?

Øverbysteinen består av tre linjer med runer.

Forskarane har konvertert runene til vårt skriftspråk. På steinen står det blant anna: lÅ«irilaÊ raskaÊ rÅ«nÅÊ in(n) Äsni.

Omsetting: Hogg raske/dyktige iril runer inn for Isni!

Iril er ein tidlegare jarl, mens Isni kanskje er eit namn.

Kjelde: Iversen og Kjesrud mfl. (2019).

- Vi var fem personar som til saman brukte fleire månadsverk på å lese av, tolke og sette innskrifta i samanheng, fortel Frode Iversen, professor og arkeolog ved KHM og førsteforfattar på det opphavlege arbeidet.

Etter kvart blei gruppa kontakta av ein forskar frå Universitetet i Agder (UiA).

- Førespurnaden kom i ein kollegial tone. Vedkomande var på jakt etter ein illustrasjon til eit føredrag og informasjon om forskinga vår til ei framtidig revidert utgåve av ei bok, fortel Iversen.

UiA-forskaren fekk sjå gruppa sitt uferdige og upubliserte manus til forskingsartikkel. I forskingsmiljøa er det vanleg å dele og kommentere kvarandre sine manus på denne måten.

Braut avtalen

Overraskinga var stor då forskargruppa mot slutten av 2019 oppdaga at UiA-forskaren hadde brukt materialet til å publisere ein eigen artikkel i oktoberutgåva av det russiske tidsskriftet Scandinavian Philology.

- På eit fagleg arrangement fekk vi tips om at vedkomande var ute før oss. Eg blei heilt paff, fortel Karoline Kjesrud, førsteamanuensis ved Kulturhistorisk museum (KHM) i Oslo.

Både Kjesrud og Iversen hadde gitt UiA-forskaren klar beskjed om at materialet ikkje kunne brukast før gruppa hadde publisert eigne funn. UiA stadfestar dette i sine rapportar om saka.

Her går det også fram at forskaren først hevda det ikkje var gjort nokon avtale, verken skriftleg eller munnleg, om å ikkje publisere det aktuelle materialet. Seinare har vedkomande gått tilbake på dette.

KHM-forskargruppa publiserte i det norske tidsskriftet Viking i november.

- Hårreisande sak

Forskarane ved KHM varsla UiA, som då ville rette opp ved å endre publiseringsdato. Dei andre føreslåtte tiltaka var ei korrigering av den problematiske artikkelen og ei orsaking frå UiA-forska

Les mer

Flere saker fra Magasinet Forskningsetikk

Professor David Southall avslørte at 33 barn ble utsatt for livstruende vold av sine foreldre. Den kontroversielle bruken av skjult kamera gjorde ham til den mest omstridte barnelegen i Storbritannia.
Noen mener ny teknologi kan bli vår redning. Andre ser for seg menneskehetens undergang. Vi bør se oss tilbake mens vi går framover.

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt