Norsk Landbruk
28.04.2017
Dei kvinnelige mangesyslarane i landbruket er på veg tilbake.
Marit Glærum marit@norsklandbruk.no |
Les merNår du har kome deg heilt hit til siste sida håpar eg du har bitt deg merke i at dette bladet er spekka med driftige damer med kvardagen sin i landbruket. Hadde dette vore eit blad som kom ut på byrjinga av 1900-talet, eller tidligare, ville historiene også kunne handla om driftige damer, men dei ville sannsynlegvis ikkje ha drive garden sjølv.
Norske gardsbruk har gjennom alle tider vore avhengige av kvinna og hennar arbeidsinnsats. Dei hadde innestellet med omsorg for ungar, gamle og sjuke, mat og reinhald. Over heile landet låg også fjøsstellet til kvinnenes oppgåver. Mannfolka kunne gjerne ikkje noko om verken


































































































