AddToAny

Openheit som våpen

Openheit som våpen
Alle vil ha forsking som er open og til å stole på. Men kva gjer vi når nokon tek dette ønsket og brukar det til motsett føremål?
Overalt i USA bur det folk med astma og helseproblem. Dei vil få det vanskeleg dersom miljødirektoratet ikkje har høve til å regulere luftforureininga. Difor prøver vi å flytte temaet ut i den offentlege debatten og vise at det har konsekvensar for folk. Det er den einaste måten vi kan kjempe mot det på, seier Andrew Rosenberg frå den amerikanske enden av ei Skype-oppkopling.
Rosenberg er direktør for Center for Science and Democracy hos organisasjonen Union of Concerned Scientists (UCS) i USA. Det han snakkar om, er ein ny regel som det amerikanske Environmental Protection Agency (EPA) har føreslått å innføre.
EPA er ikkje berre den viktigaste miljøetaten i USA, men også i aukande grad åstad for Trump-administrasjonen sine etter kvart velkjende åtak på vitskapleg kunnskap. Den noverande leiinga i EPA er utnemnd av Trump-administrasjonen, og det er der forslaget kjem frå.

Må offentleggjere data
EPA er i ein utsett posisjon fordi etaten har myndigheit til å regulere forureinande industri. Trump-administrasjonen har heile vegen gjort det klart at dei ønskjer seg mindre regulering av industrien. Men kva har dette med open og påliteleg forsking å gjere?
Den nye regelen har fått namnet «Strengthening Transparency in Regulatory Science». I korte trekk seier han at dei vitskaplege studiane som EPA baserer reguleringane sine på, må vere heilt og fullt offentleg tilgjengelege - inkludert alle rådata som er med i studien.
I grunngjevinga heiter det at andre må kunne ettergå forskinga, og det må vere mogleg å analysere alle data på nytt - for å sjekke at forskinga har gått rett føre seg. EPA-direktør Andrew Wheeler, som tidlegare har vore lobbyist for kolindustrien, har sagt at «det amerikanske folket har rett til å vite kva for vitskaplege studiar som dannar basis for EPA sine avgjerder om regulering». Kven kan vel vere motstandar av noko slikt?
Når UCS og nesten alle andre forskingsinstitusjonar og -organisasjonar likevel kjempar imot, kjem det mellom anna av at regelen også vil gjelde for forsking som byggjer på medisinske personopplysingar som deltakarane har gjeve frå seg under føresetnad av at dei blir behandla konfidensielt. Datasetta som studiane byggjer på, kan ikkje gjerast offentlege utan at ein bryt med personvernet. Kort sagt vil regelen difor føre til at viktige studiar av korleis forureining påverkar helsa t
Les opprinnelig artikkel

Flere saker fra Magasinet Forskningsetikk

Professor David Southall avslørte at 33 barn ble utsatt for livstruende vold av sine foreldre. Den kontroversielle bruken av skjult kamera gjorde ham til den mest omstridte barnelegen i Storbritannia.
Noen mener ny teknologi kan bli vår redning. Andre ser for seg menneskehetens undergang. Vi bør se oss tilbake mens vi går framover.

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt