Det har vore så mange skiftande justisministrar frå FrP i Solberg-regjeringa at somme kanskje ikkje hugsar at Amundsen var ein av desse. Men han var statsråd frå desember 2016 til januar 2018. Forgjengaren hans, Anders Anundsen, la fram den såkalla nærpolitireforma for Stortinget, og den vart vedtatt i 2015. Begge desse statsrådane var sentrale for å få gjennom ei massiv sentralisering av norsk politi, men dei fleste lovnadene deira om kva dette ville føre til for politiet, har kokt bort i kålen. Meir nærpoliti har det i alle fall ikkje vorte.
På TV2-nyheitene 3/9 var Per Willy Amundsen ute med kraftig kritikk mot dagens politileiing. Han knytte problema i politiet til noko udefinert kvinneleg og ønskte tøffare folk i politiet.
Eg minte i same nyheitssending om at Amundsen sjølv ikkje hadde ballar nok til å t