Norsk Landbruk
05.09.2024
I årtier har potetsettarar og potetopptakarar under merkenamnet Underhaug vore eit vanleg syn på norske gardsbruk. Nå er dei tilbake, nye og skinnande oransje.
I sist nummer starta me ein miniserie med fokus på innovative, norske selskaper, som byr landbruket på ny teknologi. Her gjer me eit solid unntak, for det Underhaug byr på, er bokstaveleg talt gammalt nytt. Det Bjørn Rygg-eigde selskapet har nemleg tru på at det vil bli fleire bønder som dyrkar jord i framtida, og at dei vil etterspørre rimelege, enkle og solide reiskapar. Derfor har Underhaug henta fram gamle oppskrifter.
- Dette er manuelt, mekanisk utstyr for potetsetting og potetopptaking. Me skal ikkje konkurrere med Grimme og AVR, men lagar potetutstyr for mindre produsentar, seier Atle Årsland, som er d
Gå til mediet- Dette er manuelt, mekanisk utstyr for potetsetting og potetopptaking. Me skal ikkje konkurrere med Grimme og AVR, men lagar potetutstyr for mindre produsentar, seier Atle Årsland, som er d


































































































