
Yothy Pathmajothy Kamalanathan (43) er mellom dei som har teke fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget. Ho kom til Florø på familiegjenforeining i 2003, og har no arbeidd ti år i Krokane barnehage. Etter eitt år på skule 20 timar på kveldstid annan kvar veke, tok ho fagbrevet i haust.
Vil bu i Florø
- Eg har berre 50 prosent stilling, men ynskjer å arbeide full tid, seier Yothy Pathmajothy Kamalanathan.
Likevel trivs ho godt i barnehagen og i Florø, og ho kjenner seg sikker på at ho og familien vil bli buande i Flora.
Ein som er glad for at Yothy og familien hennar kjenner seg heime i kommunen, er Arild Melvær, dagleg leiar av Innvandrarsenteret KF (kommunalt føretak).
- Me ynskjer at flyktningane skal trivast, klare seg sjølve og bli ein del av våre varige innbyggjarar, seier han.
Barnehage med åtte språk
- Krokane barnehage, der Yothy Pathmajothy Kamalanathan arbeider, speglar Flora lokalsamfunn, der om lag 30 av 108 born kjem frå familiar med bakgrunn som immigrantar.
Merete Moe, som er styrar på Krokane, seier dei har arbeidd mykje for å få tak i tospråklege assistentar, og at dei no har tilsette og vikarar som snakkar til saman åtte språk i tillegg til norsk.
- Mange av dei tilsette byrja her som assistent fordi dei meistra to språk, fortel Moe. Etter kvart fekk dei fast stilling, anten som assistent eller som fagarbeidar. Dei vel 25 årsverka i barnehagen er fordelte på 31 tilsette. I tillegg kjem to stillingar i administrasjonen. Mange av dei faste har ikkje full stilling, men fyller opp med vikariat som tospråkleg assistent.
Hjelper med midisinar
Olefine Eikefjord får hjelp med medisinar kvar morgon. Zainab Noori Painda rekker henne ein tablett, fyller eit glas med vatn og høyrer korleis det står til. Korkje Olefine eller mannen henn