- Framover vil vi vidareutvikle dei som allereie jobbar hos oss, i større grad enn det som har vore trendane tilbake i tid, det å skifte ut kompetanse med nytilsette, noko finansbransjen har gjort i stor grad, sa Selnes i ein diskusjon etter at Finans Norge hadde presentert rapporten om stoda når det gjeld kompetansen i næringa.
Vil du ha siste nytt fra finansbransjen? Abonner på vårt ukentlige nyhetsbrev.
Selnes greia ut om korleis finanskonsernet har sett i gang ein offensiv for at den enkelte tilsette skal ta meir ansvar for eigen kompetanseutvikling, samstundes om ein blir meir medviten på å dele kompetanse med andre kollegaer.
Framover vil tilsette bli vurdert ut frå kor mykje ein tek ansvar for både eiga og andre kollegaer si utvikling. Storebrands nye kompetansekultur vert samanfatta slik: Lær der du er, del der du kan!
BÆREKRAFT, IT OG COMPLIANCE
Alle i finansnæringa skrik desperat etter folk med kompetanse innanfor bærekraft og klimarisiko. Heile 97 prosent av medlemsbedriftene i Finans Norge etterspør meir kompetanse på


































































































