Ane Karidatter Sørensen og Jakob Otilius Flovikholm følgde berginga med interesse og vantru. Korleis kunne det ta så lang tid? Det måtte da vere mogleg å gjere det på ein enklare måte? Dei gjekk på innovasjonslinja ved Romsdal vidaregåande skole, og saman med ei gruppe jamaldringar fekk dei ein idé:
- Vi spurte oss om ein kunne lage nokon gigantiske heliumballongar og feste dei på forliste båtar for å halde dei flytande, seier Flovikholm.
Beatles og Youtube
Mange store idear har oppstått i nokon si ungdomstid. The Beatles vart tidenes største rockeband. Ingvar Kamprad grunnla IKEA som 17-åring. Mark Zuckerberg var 19 då han lanserte Facebook. I dag trekkjer tenåringar enorme summar på Youtube og Tiktok.
Burde unge takast meir på alvor? Og kva er det eigentleg som gjer dei så annleis enn både vaksne og barn - på godt og vondt?
Eit djupdykk i tenåringshjernen kan føre oss eit stykke nærmare svara. Men først attende til tenåringane i Molde.
Den første gongen Lars Øyvind Baltzersen, dagleg leiar i Ungt Entreprenørskap i Møre og Romsdal, høyrde om ungdomane sin idé, tenkte han: «Dette går aldri.» Han sa det ikkje høgt, men det verka både usannsynleg og altfor enkelt.
Og då ungdomane lanserte ideen for ei lokal maritim verksemd, blei dei møtte med skepsis: Det dei foreslo, var for vanskeleg. Det var utfordringar med ver, vind, vekt og oppdrift.
- Vi fekk nesten beskjed om å leggje det frå oss, seier Flovikholm.
Det gjorde dei også. Ei lita stund.
- Men så begynte vi å tenkje litt sjølv. Vi såg at det var utfordringar, men tenkte samtidig at viss vi fekk det til, ville det ha ei stor upside.
Fritt spelerom
Baltzersen har fleire års erfaring med barn og unge.
- Dess lengre ned i alderstrinna du kjem, dess større er openheita for kreative prosessar. Får barn og unge fritt spelerom, kjem det veldig mange idear ut. Og dei kan vere gode.
Ettersom vi blir vaksne, blir vi meir kjende med lover, regler og avgrensingar, meiner Baltzersen. Flovikholm og Sørensen er samde.
- Vi var ungdomar som ville finne ei enkel løysing på eit stort problem. Hadde vi vore ingeniørar eller hatt maritim utdanning, ville vi sikkert ikkje tenkt i dei banane i det heile tatt, seier Sørensen.
Levande hjerneforsking
Dei siste åra har hjerneforsking utvida kunnskapen om tenåringshjernen. Medan ein før studerte hjernane til døde dyr og menneske, har hjerneskanning dei siste tjue åra opna for å følgje med på den levande hjernen.
Framleis er mykje uvisst. Men blant dei viktigaste funna er at hjernen slett ikkje er mogen rundt tiårsalderen, slik mange trudde før - av den grunn at hjernen etter det ikkje blir særleg større.
- I dag seiast det ofte at hjernen ikkje er ferdig mogna før vi er 25. Også det er for enkelt, for hjernen held fram med å u


































































































