BUSKAP
29.05.2017
Heilgrøde er meint å skulle gi stivelse og gjerne også struktur som eit supplement til tidleg hausta grassurfôr. Vårkveite er mest brukt, men kan gjerne byttast ut med bygg der vekstsesongen er kort.
Mange fôrdyrkarar har vorte skuffa over kor lågt stivelsesinnhald dei har fått i konservert heilgrøde. Ofte viser fôranalysane at stivelsesinnhaldet er mindre enn 10 prosent, medan fôrtabellane fortel at det skal være pluss/ minus 20 prosent når det er hausta til rett tid, det vil seie i deigmodningsstadiet. Det har vorte diskutert om årsaken til det låge stivelsesinnhaldet hos mange er feil haustetid, feil vurdering av utviklingsstadiet, spill av korn under hausting og/eller nedbryting av stivelse under konservering. NIBIO i samarbeid med NLR og NMBU ser blant anna på desse spørsmåla i forskingsprosjektet «Heilgrøde av bygg og kveite til mjølkekyr» som er finansiert av Forskningsmidlene for jordbruk og Matindustri, Felleskjøpet Fôrutvikling, Fylkesmennene i Midt-Norge samt TINE Rådgiving.
Bygg og kveite analysert på fem ulike utviklingstrinn
I eit forsøk på Kvithamar i Stjørdal har vårkveite og seksradsbygg vorte hausta på fem utviklingstrinn frå tidleg mjølkemodning til sein deigmodning i to år (sjå figurar). Kornet blei i samsvar med praksis på mange mjølkebruk sådd som dekkveks
Gå til medietBygg og kveite analysert på fem ulike utviklingstrinn
I eit forsøk på Kvithamar i Stjørdal har vårkveite og seksradsbygg vorte hausta på fem utviklingstrinn frå tidleg mjølkemodning til sein deigmodning i to år (sjå figurar). Kornet blei i samsvar med praksis på mange mjølkebruk sådd som dekkveks