AddToAny

- For mykje vekt på implisitt bias bremsar arbeidet for likestilling i akademia

- For mykje vekt på implisitt bias bremsar arbeidet for likestilling i akademia
At fordommar og stereotypiar eksisterer i arbeidslivet, har blitt ein diskusjon både i og utanfor akademia. Fører denne diskusjonen til eit individfokus som skuggar for strukturar som hindrar likestilling?
Både Hanne og Hans er ingeniørutdanna frå NTNU. Begge har toppstilling i eit amerikansk oljeselskap og er kravstore sjefar. Dei to har mange ballar i lufta og begge har au pair heime for å få kvardagen til å gå rundt. Det einaste som skil Hanne og Hans, er kjønnet.

Mannlege studentar ved Høyskolen Christiania vurderte likevel Hanna som ein dårlegare leiar, ein dårlegare forelder og ein mindre sympatisk og grei person enn Hans. Dei kvinnelege studentane vurderte karrierekvinna og karrieremannen etter same standard i undersøkinga som blei gjort i 2015.

Aukande debatt

Implicit bias er eit uttrykk vi høyrer stadig oftare. På godt norsk kallar vi dette for stereotypiar, fordommar eller forutinntatte haldningar. Bias finst både i akademia og i næringslivet, skal vi tru grunnleggarane av #Hunspanderer-kampanjen:

Implisitt bias handlar om at vi vurderer menneske ulikt utan å vite det.

- Implisitt bias handlar om at vi vurderer menneske ulikt utan å vite det. Alle har forventningar og assosiasjonar basert på kjønn, nasjonalitet, hudfarge, alder, funksjonsnivå, og så vidare, fortel Marie Louise Sunde, som er kirurg og leiar av #Hunspanderer.

#Hunspanderer har mellom anna foredrag for bedrifter om kjønnsubalanse og implisitt bias.

Kvinner blir undervurderte

Marie Louise Sunde og medgrunnleggar Isabelle Ringnes synest det er interessant at dei norske studentane i 2015 svarte relativt likt som studentar ved Harvard gjorde på byrjinga av 2000-talet.

- Vi har altså ikkje kome så langt som vi trur, seier Isabelle Ringnes.

- Det er gjort ein god del internasjonal forsking som viser at vi ubevisst overvurderer menn sine eigenskapar, og undervurderer kvinner. I akademia har forsking tyda på at menn får meir anerkjenning for publikasjonar og at deira meiningar blir vektlagt meir. Dette kan forklare ein stor kjønnsubalanse i næringsliv og i akademia.

Kjønn på veg ut

Ikkje alle let seg overtyde av bias-fenomenet. Kritikarar har stilt spørsmål ved om omgrepet har blitt akseptert for

Les mer

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt