AddToAny

MOR UTLADALEN

I nærare 40 år har Rigmor Solem hatt som jobb å passe på Utladalen og Jotunheimen.
Utladalen har gjort meg til mykje meir vestlending enn eg er fødd og oppvaksen som. Eg er ikkje fødd her, men eg er oppdradd her, fortel Rigmor Solem (66). I åsynet bak ho stuper fjellsidene ned mot dei turkise vassmassane i elva Utla.
- Ein kan tenke at det er trongt og klaustrofobisk, men eg pustar liksom ut når eg ser dette landskapet her.
Det tronge dalføret byr på usedvanleg rikdom. Ei konsentrert dose nasjonalromantikk. Heile spekteret frå frodig dalbotn til nokre av landets høgste tindar, med brear kvilande på skuldrane. Husmannsplassar, gardar og stølar. Villrein og ørn. Ikkje minst dei mange fossane.
- Du har alt på ein stad. Rigmor Solem kjenner om lag kvart eit tre og kvar ein stein i Utladalen, den to mil lange forlenginga av Sognefjorden inn i Jotunheimen. På skuldra ber ho logoen til Statens Naturoppsyn (SNO). Den har ho hatt sidan år 2000, men karrieren i fjellet starta langt tidlegare.
- Eg debuterte som fjelloppsynsmann på Hardangervidda midt på 1980-talet. Dei måtte endre tittelen frå fjelloppsynsmann til fjelloppsyn, eg var første kvinne i jobben, fortel Rigmor.
I 14 år etter der igjen var ho utmarksfullmektig i Statskog. Heile vegen har Jotunheimen og Utladalen vore ansvarsområde. No er oppsynet inne i sitt siste år, før pensjonisttilværet startar. Det er på høg tid å slå fylgje inn i hennar rike.

Den friske dusjen frå Hjellefossen fungerer som ein slags inngangsportal til Utladalen, berre få meter frå parkeringa på Hjelle i Øvre Årdal. Den største turistmagneten er likevel Vettisfossen lenger inne, dagens første mål. Så tidleg som i 1874 skreiv William Cecil Slingsby at han «har sett Vettisfossen dusinvis av ganger, ved en anledning også vinterstid, og blir stadig mer betatt av dens uhørte skjønnhet».
Etter kring fem kilometer på den såkalla Folkevegen, bygd på dugnad i 1977, ventar vaflar og ein rast på Vetti gard. Den raudmåla fjellgarden har gjeve husrom til mang ein vandrar. I tillegg til Slingsby finn du òg namn som Edvard Grieg, Fridtjof Nansen og dronning Sonja i besøksprotokollen. Medan mange går vidare inn til botn av Vettisfossen, fører ein gamal stølsveg opp til kanten der Morka-Koldedøla kastar seg utfor «lik en bevinget engleskare ned - ned - ned i den dunkle avgrunnen», som Slingsby ville sagt. Ein sti mange turgåarar etter kvart har funne fram til.
- Slitasjen har verkeleg tatt seg opp dei siste åra, fortel Rigmor.
Ho går roleg oppover saman med hundane Jerv og Joker. To spreke hannhundar på elleve år.
- Dei har ein slåsskamp i året, elles held dei fred, seier ho.
Rigmor har gått her tallause gonger før og har vore så mykje i området at lokalbefolkninga trur ho er busett her.
- Eg har hatt hus og heim og familie i Vang i Valdres, men har vore mykje her på
Gå til mediet

Flere saker fra Fjell og Vidde

Mestring og lek står i sentrum når Barnas Turlag Stadlandet arrangerer surfekurs.
Fjell og Vidde 14.06.2024
Fyrstene av Finntjern - Lars Elling ? Bok
Fjell og Vidde 14.06.2024
Innimellom kan jeg få følelsen av å befinne meg ombord på Titanic. Alle har innsett at noe alvorlig er i ferd med å skje. Samtidig fortsetter musikken på full guffe.
Fjell og Vidde 14.06.2024
Sota Sæter DNT ligger i Breheimen og har de siste årene blitt kjent for sin satsing på mat og en FjellPride-feiring det går gjetord om. Ved Liavatnet i Skjåk ligger de 10 bygningene som utgjør den over 100 år gamle setra. Her tryller vertskapet frem de lekreste retter.
Fjell og Vidde 14.06.2024
Min søster bor på en øy i et krokete sund ved havet.
Fjell og Vidde 14.06.2024

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt