Mange norske kvinner reiser derfor til Danmark eller andre land. Over 1800 har fått hjelp ved Stork-klinikken i Danmark dei siste åra. Monica Bjerklund er førstelektor ved seksjon for pedagogikk hos Dronning Mauds Minne Høgskole for barnehagelærerutdanning. Ho har intervjua 33 mødrer som er åleine med ansvar for barn dei har fått ved hjelp av donor.
Mødrene ønsker ikkje å tenke på donoren som ein person.
Bjerklund har funne respondentane i eit norsk forum for mødrer som har fått barn ved hjelp av sædgivar og assistert befruktning. Forumet har 470 medlemmar.
- Det er forska lite i Noreg på einslege mødrer som har fått barn ved hjelp av donor. Barnehagen skal synleggjere eit mangfald i familieformer og sørge for at alle barn får sin familie spegla i barnehagen. Dette ifølge rammeplanen for barnehagen frå 2017. Dette krev at barnehagen har større merksemd på denne gruppa, fortel Bjerklund.
Meir enn biologi
I siste nummer av Norsk Tidsskrift for kjønnsforskning, har Bjerklund undersøkt korleis mødrene ser på sæddonor. Ingen av dei 33 kvinnene ønskte å kalle donoren for far til sine barn.
- Dei fleste brukte «donor» om mennene som har donert til klinikkane. Dette grunngav dei med at donor ikkje har nokon sosial funksjon overfor barnet. Mødrene uttrykker takksemd til donorane, men ønsker ikkje å tenke på han som ein far etter at barnet er fødd, seier Bjerklund.
Det å vere far er altså forstått som noko meir enn biologi, det inneber først og fremst ei sosial rolle. Men Bjerklund trur også at mødrene nyttar slike omgrep fordi dei er vanlege både i litteraturen, i medisinen og i lovverket.
- Det kan hende at dei adopterer terminologien som er offentleg innarbeidd. Internasjonale studiar seier det same: Mødrene ønsker ikkj