AddToAny

Momo - og andre skumle ulvar i internettskogen

Momo - og andre skumle ulvar i internettskogen
Internettet er ein skummel stad, ein stad mange opplev som utemma og kaotisk. Ein stad der våre born går seg vill. Forteljingar om ting som The Momo Challenge, er forteljingar om denne staden og farane som lurar der.
Vi kan vel alle vere einige i at Momo er ein bløff no og har alle stemt i og påpeika dette.

Momo-utfordringa, The Momo Challenge, er ikkje ekte. Ingen hacker seg inn på YouTube-videoar eller WhatsApp og truer born til å skade seg sjølv eller andre, eller til å gjere eit drap eller sjølvmord. Ingen av sakene som pressa og ryktespreiarar har ville knytte til Momo har synt seg å ha noko med det å gjere.

For skeptikaren i meg var dette opplagt, og ei avslutta sak. Lite å skrive heim om. For folkloristen er det langt frå over.

Åtvaringane om Momo og rykta om figuren er ei forteljing vi kan kategorisere som innanfor sjangeren moralsk panikk eller mediepanikk. Ein sjanger der born, og vår ambivalens til deira autonomi i eit snøgt utviklande medielandskap, står i fokus.

Det er ikkje så interessant om Momo var «ekte» eller ikkje, men kva vi ønskjer å fortelje med Momo, kva Momo er eit uttrykk for. Kva er Momo si forteljing? Kva underliggjande angst representerer Momo?

Bakgrunn

Momo starta sitt liv som: Eit skremmande kvinneleg andlet på ein slags fuglekropp, som henta rett ut frå ein japansk skrekkfilm på byrjinga av 2000-talet, då det var siste skrik blant oss skrekkentusiastar.

Biletet av skulpturen var slåande nok til at det spreidde seg på internett, der det vart til karakteren Momo.

Momo skal ha tatt kontakt med barn og unge via WhatsApp i spansktalande land og utfordra dei til å skade seg sjølv eller andre. Til sjuande og sist for at dei skal ta livet av seg sjølv eller nokon andre. Folk har prøvd å spore nummera som vert nytta utan særleg hell. Men det finnes skjermdumper av dette, så då må det jo vere sant. Eller?

Vidare utvikla Momo seg til å dukke opp i tilfeldige YouTube-videoar for born, med den same bodskapen. Media knytte straks forteljingane til nokre ganske unge menneske som har tatt livet av seg eller skada seg sjølv på grunn av Momo. Bekymra foreldre og internettkjendisar gjekk ut på Facebook, Instagram og Twitter, og åtvara om korleis Momo fekk born til å gjere dei mest fælslege ting. Men YouTube avviste at ein slik magisk figur hadde

Les mer

Flere saker fra Fri tanke

HVORDAN TA OPP NOE VANSKELIG?
Fri tanke 14.02.2024
Når verden brenner og barn blir drept, er det vanskelig å føle nok omtanke for alle som trenger det. Hvordan klare å holde fast på denne mest menneskelige egenskapen?
Fri tanke 14.02.2024
- Hvis de bestemmer seg for å gjøre en demon ut av deg så greier de det, sier humanisten Gáspár Békés. Til slutt måtte han flytte utenlands.
Fri tanke 14.02.2024
Den som utforsker kvinnehelse generelt - og kvinners menopause spesielt - kommer fort til følgende konklusjon:
Fri tanke 14.02.2024
Det mest overraskende du kan si på internett er antagelig ikke «fitte» eller «idiot», men «jeg håper det går bra med deg?».
Fri tanke 14.02.2024

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt