Forskerforum
02.01.2024
Khamissa Elmokadem har fått hjelp gjennom eit program for sårbare mødrer. No studerer forskarar korleis hjelpetilbodet verkar.
1se kvinnene til eit hjelpetilbod, slik dei kunne før, enn å rekruttere dei til ein studie, slik dei må i dag.- Det har roa seg litt, men mange har vore skeptiske til å randomisere dei mest sårbare. Dei har meint at det er direkte uetisk å ha eit tiltak ein trur på, finne ein deltakar som det passar for, og så ikkje gje henne det.
Samtidig: Ein kunne også kalle det uetisk å tilby ei sårbar gruppe eit uprøvd tiltak, påpeikar Pedersen.
- «Sammen på vei» er kostbart og omfattande. Tida og midlane ein investerer, må gje nytte.
«Heile verda bur på Frogner» Inne i varmen på helsestasjonen fortel Pedersen og Lien jordmorteamet at rekrutteringa går sakte. Kan det vere fordi dei som rekrutterer, tenkjer for snevert?
Kvinnene, som blir rekrutterte i svangerskapet, må oppfylle minst to av ti kriterium som indikerer auka sårbarheit. Sidan kriteria er ulike, er gruppa samansett. Forskarane har rekna ut at rundt 3,7 prosent av norske førstegongsfødande kvalifiserer til programmet.
- I pilotstudien rekrutterte vi 2 prosent av dei førstegongsfødande i Rogaland og 4 prosent i Oslo. På Frogner er det kanskje færre? spør Pedersen jordmødrene.
- Absolutt ikkje. Heile verda bur på Frogner, svarer ei av dei.
Dei som ikkje blir trekte ut til «Sammen på vei», får ein gåvepose med velværeprodukt. Dette blir ofte godt motteke, ifølgje Pedersen.
- Opplevinga av å få noko fysisk trur vi kan gjere skuffelsen litt mindre.
I tillegg får dei informasjon om relevante tenester og tilbod, og dei blir sett - kanskje meir enn dei elles ville blitt, forklarer ho. - Desse kvinnene vil nok få litt meir enn mange andre. Dei kan få absolutt alt som er mogleg å tilby dei, alle tilbod kommunen har. Det er ei utfordring for studien, men bra for dei, seier ho til jordm
Gå til medietSamtidig: Ein kunne også kalle det uetisk å tilby ei sårbar gruppe eit uprøvd tiltak, påpeikar Pedersen.