Bondebladet
25.10.2016
Bodhild Fjelltveit saknar skikkelege oppfølging frå Reime Agri. B odhild Fjelltveit frå Haugsdalen i Bergen er sauebonde og første vararepresentant i styret i Norges Bondelag.
Ho kjenner seg ikkje trygg på at golvet i sauehuset hennar, som vart teke i bruk i 2014, er sikkert for folk og dyr.
Les mer- Hos oss er det er uvissa som rår, etter alt det som har skjedd med Tulla systemgolv. Slik skulle det ikkje vore, seier Fjelltveit.
Har venta og venta
Sauebonden meiner kommunikasjonen mellom Reime og kundane har vore for dårleg
- Reime har vore utydelege. Vi, som har hatt golv og som ikkje har hatt uhell, har ikkje høyrt noko frå produsenten. Ingen har kontakt oss, ingen har sendt sikringselement til oss, og ingen har laga gode og brukarvenlege bruksanvisningar for verken golvet eller sikringselementa, seier ho.
Fjelltveit meiner informasjonen frå produsenten er vanskeleg tilgjengeleg.
- Det er langt frå alle som er på nett og sjekkar heimesida til Reime til ei


































































































