AddToAny

Med teknokratiet som speil Og han la til: «Og situasjonen er utmerka».

Med teknokratiet som speil Og han la til: «Og situasjonen er utmerka».
Men det er ikkje den revolusjonære fanfaren som lyder nå; historiegeografen Terje Tvedt ser i si bok
Verdenshistorie. Med fortiden som speil at dagens Kina er ei imperiemakt på frammarsj, og at situasjonen derfor ikkje er så utmerka lenger for det ein gong så suverene Vesten. Tvedt trur rett nok ikkje at vestlege land er i ferd med å søkke i havet; aller minst har han tru på at USA snart vil tre tilbake som stormakt. Men han teiknar eit bilete av Vesten som ein verdsdel i krise, som ein gong for alle har mista sin dominerande økonomiske, politiske og militære posisjon.
Tvedt set seg som mål å demontere «store teorier» - historiefilosofiske syntesar - og teikne eit upolitisk, nøytralt bilete av verdshistoria, frå den første sivilisasjonen ved Eufrat og Tigris (den babylonske), fram til dagens globale makter og rivaliseringa mellom tilårskomne og nyare imperium, men grip sjølv til nettopp luftige begrepsdanningar som den ahistoriske termen imperium, som svever over det like evige og uforanderlege vatnet. Fjørkreet har lite til sams med Minervas ugle. Men som erfaringa har vist: Det finst andre faglege fallgruver enn dei Tvedt åtvarar mot. Førestillinga om politisk eller etisk nøytralitet innan samfunnsfag er ein illusjon, ein positivistisk1 kamuflasje som lett fell av i konfrontasjonen med realhistoria. Boka er da også ute i open polemikk mot konkurrerande retningar, dei vere seg spekulativ-idealistiske (Hegel, Fukuyama), marxistiske eller kultursosiologiske (Max Weber). Forfattarens politiske agenda er like openberr her som i tidlegare Tvedt-publikasjonar, og på typisk vis er boka i samarbeid mellom forlag, Nasjonalbiblioteket og presse lansert med trommer og trompetar, som var den siste nytt frå Den heilage nasjonale ande.
Den verdshistoriske pretensjonen hans er dessutan for pompøs til å tole konfrontasjonen med det heller smålåtne sluttproduktet på rundt 400 sider, spesielt ikkje når mange viktige og sterke makter, så som Russland, Japan og Tyskland, ikkje eingong får lov til å
1 Positivisme: trua på at naturvitskaplege ideal og metodar også gjeld for samfunnsvitskapen.

vere med. Og når først Asia speler ein så viktig rolle i Tvedts «eurokritiske»
univers, er det oppsiktsvekkande at det første asiatiske industrilandet, Japan, kort og godt er radert ut av heile opplegget hans. Spesielt overtydande er det heller ikkje at Tvedt omkransar si påståtte nytolking av «de store linjene» i historia med vakre, pretensiøse språkblomar, så som «i møte med tidens evige strøm», «denne fortidas evige dobbelthet» og «refleksjon over verdens fortid og nåtid.» Med sin subjektive konstruksjon og knappe format, med sitt selektive preg og med si vekt på metodespørsmål, står Med fortiden som speil fram berre som eit større essay. Domen over resultatet blir da avhengig av kor godt Tvedt grunngir den sentrale tesen sin, som har med spørsmål omkring den industrielle revolusjon å gjere.

Indus
Gå til mediet

Flere saker fra Bok og bibliotek

For 16. år på rad gir Fritt ord tilskudd til litteraturformidling i bibliotek. 76 bibliotek søkte, og 40 av dem får støtte til arrangementer om norsk sakprosa.
Bok og bibliotek 21.09.2023
Norsk Bibliotekforening blir ikkje med på den internasjonale bibliotekkongressen til neste år, og oppmodar andre norske medlemer til også å droppa deltaking.
Bok og bibliotek 15.09.2023
Fra og med 2026 bevilger regjeringen i nabolandet vårt til 433 millioner SEK per år for å sikre at alle elever har tilgang til bemannede skolebibliotek.
Bok og bibliotek 15.09.2023
Første episode i sesong tre av Podkasten Bok & bibliotek er ein scenesamtale frå Kulturytring 2023 om kvardagsmakt i bibliotek, arkiv og museum.
Bok og bibliotek 15.09.2023
Kunst, herunder litteratur, skal ikke være nyttig. Kunsten skal være grenseoverskridende, rebelsk, frigjørende, oppskakende. På sitt beste tar den fra deg nattesøvnen.
Bok og bibliotek 05.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt