AddToAny

Med ansvar for framtida

Med ansvar for framtida
Samfunnsutfordringane krev forsking i nærkontakt med verda. Korleis kan ein leggje til rette for det?
Då Produktivitetskommisjonen la fram rapporten sin om overgangen til kunnskapsøkonomien i februar, var beskjeden tydeleg: Vegen til produktivitet og konkurransekraft går gjennom forsking. Dessverre er norske forskingsmiljø for opptekne med å løyse samfunnsproblem på oppdrag frå departementa, og for lite opptekne av å klatre på siteringsindeksane, meinte kommisjonen. Dei tilrådde å avvikle sektorprinsippet, satse på toppforskarane og tone ned tematisk og politisk styrt forsking til fordel for den frie grunnforskinga som ikkje er underlagd andre krav enn høg vitskapleg kvalitet.

Berre eit par veker etterpå inviterte Forskingsrådet til konferanse om dei såkalla «store samfunnsutfordringane», eit omgrep som har funne vegen inn i stadig fleire forskingspolitiske dokument dei siste åra. Også her skal forskarane trå til, ikkje for å auke den nasjonale konkurransekrafta, men for å løyse dei store og kompliserte oppgåvene det internasjonale samfunnet må møte i fellesskap, dei som krev samarbeid og ikkje konkurranse, inkludering og ikkje spissing.

Ein kan bli forvirra av mindre.



Etterspør uventa kunnskap - Framifrå forsking blir ofte definert ved hjelp av mekanistiske måtar å måle vitskap på. I Nederland gjer mange institusjonar det svært godt på siteringsmål, men det kjem av at dei tilpassar seg presset for å publisere. Ein kan spørje om det eigentleg har så stor verdi, eller om ein burde ha eit vidare syn på vitskap, som noko kreativt, noko som gjev uventa kunnskap, seier Stefan Kuhlmann.

Han er professor i «Foundations of Science, Technology and Society» ved Universiteit Twente i Nederland, og er i Oslo som innleiar på Forskingsrådets konferanse. Der tok han til orde for at styresmaktene slett ikkje skal overlate forskinga til forskarane, men tvert imot bli meir aktive i forskingspolitikken - ikkje ved å detaljstyre, men ved å leggje til rette for nye møte mellom forskarar og andre samfunnsaktørar, og førebu seg på framtidas behov ved hjelp av strukturert debatt om moglege komplekse framtider. Alt for å løyse dei store utfordringane.



Klima kom først Dei store samfunnsutfordringane har gradvis blitt tema i forskingspolitikken, delvis med røter tilbake til den folkelege motstanden mot bioteknologi i nittiåra, då mange reagerte på at forskinga såg ut til å drive på for seg sjølv, isolert frå samfunnet.

- Men det var nok klimasaka som verkeleg sette det i gang, seier spesialrådgjevar i Nordisk institutt for studiar av innovasjon, forsking og utdanning (NIFU) og redaktør for fagbladet Forskningspolitikk, Egil Kallerud.

For eit par år sidan gjekk han, i lag med fleire europeiske kollegaer, gjennom ei mengd
Gå til mediet

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt