Dette er eit debattinnlegg. Meiningar i teksten er skribenten sine eigne.
Chr. Michelsens Institutt
Religiøse humanitære aktørar har ein lang tradisjon for å hjelpe folk i naud, men det har ofte vorte møtte med skepsis både frå akademikarar og bistandspraktikarar.
Det har vore stilt spørsmål om grunnleggjande humanitære prinsipp vart ivareteke av aktørane, og også om resultata av slik bistand er varige og medverkar til positive sosiale endringar.
Zakat og andre former for religiøst baserte bidrag frå muslimar kom opp som del av ein diskusjon om islamsk sosial finansiering under Verdas humanitære toppmøte i 2016. Det inngjekk som del av FN sin Agenda 2030, og bærekraftmål 17 oppmodar til partnarskap mellom offentlege og private, sekulære og religiøse aktørar.
De skapte diskusjonar i muslimske land om korleis innsamling og fordeling av til dømes zakat skulle organiserast, og om det var staten, spesialiserte eller sivilsamfunnsorganisasjonar som skulle stå for innsamling, fordeling og rapportering. Og også korleis slik støtte ku


































































































