Denne uka går folket i Nigeria til valurnene. Dette er det sjuande valet sidan landet gjekk tilbake frå militærstyre til eit demokratisk styresett i 1999.
Årets val kan bli det viktigaste til no, og det er avgjerande å få til et fredeleg val som verkar samlande og ikkje polariserer endå meir, både for Nigeria og heile regionen.
Polariseringa og fattigdommen aukar i det mest folkerike landet i Afrika. Det er farleg. Så kjem dei store tryggingsutfordringane, med terrorgrupper, kriminelle bandar, drap og bortføringar. Årsakene er samansette. Aukande fattigdom og arbeidsløyse gjer rekrutteringa lettare. Våpen over grensene er krevjande å stogga. Det er heller ingen tvil om at regjeringa og tryggingsstyrkane har svikta.
Angrep på moskear og kyrkjer
Det får ofte ikkje nok merksemd at religion diverre er ein motor i terror og vald. I det muslimske nord har i


































































































