Heilt sidan EU sitt økoregelverk tok til å gjelde i 2009 har Noreg arbeidd for å få tilpasningar før regelverket formelt blir tatt inn i EØS-avtalen.
INGEN TAL PÅ TETTE GOLV
I EU er det eit krav at økosauer skal kunne legge seg på tett golv når dei er innomhus. Noreg har heile tida arbeidd for eit unntak som tillèt spaltegolv. Drift på talle oppfyller EU sitt krav til å drive økologisk, men kor mange av dei rundt 660 norske økosauprodusentane som driv med talle og kor mange som har spaltegolv er det ingen som har oversikt over.
- Det er gjort ei spørreundersøking blant norske saueprodusentar om kor mange som har ulike typar golv, men alle produsentar er ikkje spurde og undersøkinga skil ikkje mellom konvensjonelle og økologiske produsentar, så me veit ikkje kor man


































































































