Utdanning
06.09.2016
Grunnskolen er ein stor arbeidsplass med kring 2900 skolar og 625.000 elevar. Det er meir enn dobbelt så mange elevar på barnesteget (1- "7) som på ungdomssteget (8-10). Kring 900 grunnskolar har færre enn 100 elevar.
I skoleåret 2013- "14 var det 57.600 lærarårsverk i grunnskolen, av desse var kring 37.000 dekt av 52.000 personar med allmennlærarutdanning. (Dei har i gjennomsnitt 71 prosent stilling.) Resten av lærarårsverka var dekt av førskolelærarar, faglærarar og adjunktar og lektorar med fagutdanning frå universitet og høgskolar og praktisk-pedagogisk utdanning. Desse underviste på ungdomssteget og i enkelte fag på barnesteget. Førskolelærarane underviste på barnesteget.
Les merI dag er over halvparten av dei 52.000 allmennlærarane i grunnskolen passert 50 år, og dei går i gjennomsnitt av ved 63 års alder. Opp mot 2000 allmennlærarar vil årleg gå av med pensjon dei næraste 10- "15 åra. Det representerer opp mot 1400 årsverk årleg, for ein stor del på barnesteget.
Kostnaden per elev i grunnskolen var i 2013 102.000 kroner i gjennomsnitt. Kostnadene ligg godt over gjennomsnittet i OECD-landa og nabolanda i Norden. Fleire lærarar per elev og færre undervisningstimar per lærar er hovudgrunnen til dei høgare kostnadene her i landet.
Vurdering av lærarbehov og utdanningskapasitet
Det har i lang tid vore interesse for å følgje med o