AddToAny

Kvinner får posttraumatisk stressliding dobbelt så ofte som menn

Kvinner får posttraumatisk stressliding dobbelt så ofte som menn
Etter bombeåtaket på Regjeringskvartalet 22. juli 2011, fekk over dobbelt så mange kvinner som menn posttraumatisk stressliding. Marianne S. Birkeland undersøkte årsaka.
Mer om Psykisk helse Mer om Helse og kjønn Studien til Marianne S. Birkeland og kollegaer syner at kvinner fekk PTSD over dobbelt så ofte som menn etter bombeåtaket den 22. juli. Illustrasjonsfoto: iStockphoto

Kvinner får oftare posttraumatisk stressliding (PTSD) etter traumatiske hendingar som jordskjelv, klimakriser og terrorangrep. Det viser forskinga frå Marianne S. Birkeland, Ines Blix, Øivind Solberg og Trond Heir, som vart publisert rett før jul. Forskargruppa har gjort ei spørjeundersøking av 190 personar som var direkte råka og 1615 personar som var indirekte råka av bombeåtaket på regjeringskvartalet 22. juli 2011.

Det er velkjend at kvinner oftare får PTSD enn menn.

- Det er velkjend at kvinner oftare får PTSD enn menn. Er det fordi kvinner opplever meir traumatiske ting i livet, eller er det fordi dei opplever traume annleis enn menn? Det er noko av det vi ville finne ut, fortel Marianne S. Birkeland, tilsett ved Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress.

Skvetten

PTSD er kjenneteikna av gjenopplevingar av hendinga, frykt og angst, og det at ein unngår situasjonar som kan minne om traumet. Søvnproblem, depresjonssymptom og dårleg konsentrasjonsevne er også vanleg. Ein person med PTSD kan dessutan bli irritabel, sint eller skvetten, til dømes ved situasjonar som triggar minnet, fortel Birkeland.

Marianne S. Birkeland er tilsett ved Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress. Foto: NKVTS.

- Når du opplever noko forferdeleg, hugsar du det godt. Det gir ofte flashbacks og påtrengande minne, seier ho.

Funna frå den nye studien syner at kvinner fekk PTSD over dobbelt så ofte som menn etter bombeåtaket den 22. juli. Av gruppa som var direkte involvert og fysisk til stades under angrepet, fekk 12 prosent av mennene og 31 prosent av kvinnene

Les mer

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt