Utdanning
26.08.2016
Ole Vig-prisen skal gå til ein ungdom mellom 20 og 35 år som har gjort ein framifrå kulturell innsats i Ole Vigs ånd. Det gjeld ungdommar frå heile landet utan omsyn til politisk oppfatning.
Ein Ole Vig-prisvinnar må ha gjort ein meir enn vanleg god innsats innanfor eitt eller fleire av desse områda:
Les merFolkeopplysningarbeid
Kunst
Kulturarbeid medrekna idrett
Det var Inntrøndelag Ungdomssamlag som sette i gang arbeidet med å få reist eit monument over Ole Vig, og pengar vart samla inn frå heile landet. Da monumentet sto ferdig, var det pengar til overs.
Desse pengane, pluss pengar som seinare har vorti gitt, utgjer kapitalen i Ole Vig-fondet. Det er renta av desse pengane som er Ole Vig-prisen.
Søknadsfristen er 1. september i �


































































































