BUSKAP
18.09.2017
Eg vaknar av mobilen som kling sterkare og sterkare. På tide å stå opp! Det skal liksom vere lett å stå opp tidleg på denne tida av året, men når ein kjenner kulden i rommet og høyrer regnet utanfor, så krev det viljestyrke. Eg gløttar på gardina og ser skodda henge tung og grå, alt er vått - veldig vått. Hagemøblane er nesten ubrukte og grillen kunne like godt stått i kjellaren. Kvar vart det av sommaren i år? Slåtten kom i hus på «skapeleg vis» for oss. Vi starta tidleg både 1. - og 2.slotten. Vi trudde heldigvis ikkje på betre tider, så difor rakk vi å gjere mykje på få dagar med nokonlunde vér. Men topp kvalitet på fôret er det nok ikkje. Eg har sendt inn ei grovfôrprøve av 1.slott, og ventar spent på kva den seier. På 2.slotten torde vi ikkje anna enn å ta i bruk den gamle fôrhaustaren og avlessarvogna. Det var meir skånsom mot bøane og så var det berre å stoppe opp litt når dei verste bygene kom. Hurra for tårnsiloar slike tider!
Kalv i garasjen
Jada, eg veit at det er noko
Gå til medietKalv i garasjen
Jada, eg veit at det er noko


































































































