AddToAny

Kvalitet i barnehagen kostar

Kvalitet i barnehagen kostar
Dersom effektivitet er den rådande diskursen, vil me til slutt sjå barnet som eit objekt og ikkje eit autonomt individ. Då vil me oppleve ein regresjon innan den nordiske barnehagetradisjonen, skriv barnehagelærer og masterstudent Evelyn Eggum.
Av: Evelyn Eggum, barnehagelærer og masterstudent 26.01.2018

Eit kompetanseløft blant tilsette skal betre kvaliteten i barnehagen, men politikarane har sove i spørjetimen dersom dei meiner det er alt som skal til. Dei må og løyva midlar til å betra andre rammevilkår, der kompetansen skal utøvast.

Kvifor treng barnehagen eit kompetanseløft?

Barnehagen som samfunnsarena er blitt eit stadig større politisk interessefelt. Både utifrå samfunnsøkonomiske perspektiv og kva barnehagen skal tilby av læringsutbytte. I dette ligg noko av bakgrunnen til behovet for eit kompetanseløft. Kompetanseløftet skal sikre at kunnskapen om barns utvikling er i tråd med samfunnsutviklinga, blant anna ved å tilby tilsette etterutdanning og kurs. Dette vil bidra til auka kvalitet i barnehagen.

Det er utfordrande å definere kva kvalitet i barnehagen er då omgrepet er til dels subjektivt, men det er fleire rammevilkår enn kun kompetanse som pregar kvalitetsbiletet av barnehagen. Kvalitet må byggjast rundt fleire faktorar som pedagogisk tettleik, nok bemanning, funksjonelle areal og rett kompetanse. Me bør og ha som mål om å jamne ut skilnadar i norske barnehagar, men det skal ikkje gå på kompromiss av kurs og etterutdanning for dei tilsette.

Kompetanseløftet er berre eitt av rammevilkåra knytt opp mot kvalitet

Eit arbeidsmiljø utan eit stabilt team og gode rammevilkår er utfordrande sjølv for den mest kunnskapsrike og motiverte barnehagelæraren. Realiteten for mange barnehagar er ein garderobe som er bygd for tjue barn, men som må romme det dobbelte. Eit bygg som har store utfordringar med støy som igjen påverkar læringsmiljøet og helse. Å ha mange barn og få faste tilsette fører ofte til eit auka sjukefråvær og igjen, bruk av for

Les mer

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt