Norsk Landbruk
06.04.2017
Det viktigaste når du skal finne ut korleis du vil organisere beitinga, er at du finn ei løysing som fungerer for deg og forholda på garden. Det er likevel nokre omsyn som bør takast: • Tal dyr • Storleik og kvalitet på beitearealet
• Avstand til driftsbygning
Gå til mediet• Lammingstidspunkt
• Opplegg for eventuell tilleggsfôring
• Arbeidsmengde, investeringar med meir
SKIFTEBEITINGVed skiftebeiting blir heile arealet delt inn i fleire mindre skifte. Skiftedelinga kan gjerne vere gjort på «naturleg» vis, av bekkar, steingjerde og liknande. Helst bør ein ha ganske mange skifte tilgjengelege, slik at beitetida på kvart beite blir kort og arealet får god tid til å kvile før neste avbeiting.
For kort kviletid gir dårlegare tilvekst og produksjon. Det er tilrådd med mellom seks og sju skifte allereie om våren. Dersom dette er vanskeleg å få til, bør ein likevel ha tre til fire skifte, og la dyra beite fire til seks dagar på kvart skifte. Sauen bør ikkje gå le


































































































