AddToAny

Kunnskap som globalt fellesgode

Forskingsbiblioteka bør samarbeide om å skape ein open kunnskapsallmenning for den digitale tidsalderen, meiner tidlegare bibliotekdirektør David W. Lewis.
- Skilnaden mellom trykt og digital informasjon er fundamental. Det er utgangspunktet mitt, seier David Lewis på ei skype-linje frå heimstaden sin i Indiana i USA.

Fram til han gjekk av med pensjon i fjor, var Lewis direktør ved universitetsbiblioteket ved Indiana University Purdue University Indianapolis, og han avslutta karrieren med å bli kåra til årets forskingsbibliotekar av den amerikanske Association of College & Research Libraries.

- I papirverda var biblioteka sin hovudfunksjon å hente informasjon inn frå omverda og samle det i hyllene. Men det er ikkje viktig lenger. Når informasjonen er digital, treng han berre å eksistere éin stad, og så kan i teorien alle bruke han utan at det kostar noko ekstra. Så eg har tenkt mykje på kva rolle dei akademiske biblioteka skal spele framover, gitt denne grunnleggjande skilnaden, seier han.

Ikkje samle, men spreie

Lewis meiner at det overordna målet bør vere å skape ein open kunnskapsallmenning der all kunnskapen som blir produsert ved institusjonane, er tilgjengeleg for alle som vil bruke han til å lære eller til å skape noko - eit akademisk fellesgode, røkta av fellesskapen. I staden for å bringe verdas kunnskap inn, blir då biblioteket si oppgåve å spreie lokalprodusert kunnskap ut til omverda.

- Spørsmålet er korleis ein kan gjere det. Biblioteka har ressursane til å samle og bevare innhald som er produsert lokalt, men å dele det med andre er førebels vanskeleg, seier han.

Det viktigaste no er difor å utvikle digitale verktøy for produksjon og deling av denne forskinga. Slik digital infrastruktur m

Les mer

Flere saker fra Bok og bibliotek

For 16. år på rad gir Fritt ord tilskudd til litteraturformidling i bibliotek. 76 bibliotek søkte, og 40 av dem får støtte til arrangementer om norsk sakprosa.
Bok og bibliotek 21.09.2023
Norsk Bibliotekforening blir ikkje med på den internasjonale bibliotekkongressen til neste år, og oppmodar andre norske medlemer til også å droppa deltaking.
Bok og bibliotek 15.09.2023
Fra og med 2026 bevilger regjeringen i nabolandet vårt til 433 millioner SEK per år for å sikre at alle elever har tilgang til bemannede skolebibliotek.
Bok og bibliotek 15.09.2023
Første episode i sesong tre av Podkasten Bok & bibliotek er ein scenesamtale frå Kulturytring 2023 om kvardagsmakt i bibliotek, arkiv og museum.
Bok og bibliotek 15.09.2023
Kunst, herunder litteratur, skal ikke være nyttig. Kunsten skal være grenseoverskridende, rebelsk, frigjørende, oppskakende. På sitt beste tar den fra deg nattesøvnen.
Bok og bibliotek 05.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt