AddToAny

Koronalatteren - humor som meistringsstrategi

Koronalatteren - humor som meistringsstrategi
Ikkje berre angst, panikk, fornekting og sinne, latter er òg eit vis å takle pandemien på. Vi treng alle lysglimt i desse tider, og fleire finn det i å kunne le av det absurde i situasjonen. Fordi humor er ein viktig meistringsstrategi.
(Alle illustrasjonar er funne på internett.)

I skrivande stund sitt eg i sjølvpålagt karantene. Ikkje fordi eg har vore ute og reist, men fordi eg i halvannan veke har hatt symptom som kan tyde på at eg har vore smitta. Vond hals, kortpusta, feber som kjem og går, hovudpine og utmatting. Milde, og langt frå livstruande variantar av dette. Strengt tatt ikkje noko anna enn symptom på å ha born i heimeskule når eg tenkjer etter.

Pandemien er alvorlege greier.

Helsevesenet står i fare for å brekke saman, det same gjer den nasjonale økonomien. Den personlege økonomien gjer det ikkje så mykje betre for mange, til dømes dei av oss som er avhengig av frilansoppdrag for deler eller heile vår inntekt. Og når du kjenner på symptoma, og det å reise seg eller gå opp ein trapp tar frå deg pusten, er det snøgt å tenkje at du er døden nær av eit virus som går til åtak på lungene dine eller at du burde trene meir.

Virale mem

Noko som hjelp meg å halde humøret opp i desse tider, er den daglege flaumen av koronavitsar som dukkar opp i feeden min eller som folk sender til meg. Kvar morgon startar eg dagen med å fiske fram mobilen frå nattbordet. Først sjekkar eg meldingar, og ler av fyren som sitt pakka inn i husisolasjon og gret over å vere lei av å «vere i isolasjon», eventuelt eit bilete eller ein video av ein katt som oppfører seg rart etter å ha hatt mennesket sitt i hus i fjorten dagar i strekk. Deretter sjekkar eg nyhendesider for det siste av konsekvensar av korona verda over. Eg må stålsette meg sjølv med litt latter, på same vis som eg må stålsette meg for arbeidsdagen med ein kopp Earl Grey-te.

Vitsane eg får tilsendt dukkar stadig opp som variasjonar over dei same tema, og går frå person til person, og endrar seg undervegs. Slike vitsar kan ha stor spreiing, og det finnes fleire grupper på internett i dag som er oppretta for å dele koronahumor. Det er kanskje ein litt føreseieleg kommentar, men dei mange vitsane og folkelege ideane om koronaviruset spreier seg viralt. Å «gå viralt» er det etablerte uttrykket for korleis ting, særleg humoristiske «mem», spreier seg snøgt i sosiale nettverk på internett, og er eit altfor godt bilete på korleis denne prosessen går føre seg.

Når ein snakkar om mem, meiner ein på folkemunne ofte om den humoristiske kombinasjonen av eit morosamt eller velkjend bilete og ein tekst, sjølv

Les mer

Flere saker fra Fri tanke

SKILSMISSEN OG DENS BARN ORGANDONASJON - pisk eller gulrot DITT VIKTIGSTE FELLESSKAP ER MED DEG SELV VENNSKAP PÅ TVERS AV KRIG
Fri tanke 06.06.2024
Skilsmisse er vanlig. Men i hver enkelts liv er det ekstraordinært. Hva gjør det med oss?
Fri tanke 06.06.2024
Jeg som skriver dette er en 37 år gammel trebarnspappa, fremtids- og teknologioptimist, humanist og nevrolog. Til daglig jobber jeg ved Sykehuset i Vestfold.
Fri tanke 06.06.2024
Nei, frivillighet er det beste. Men da må du snakke åpent med dine nærmeste om liv og død.
Fri tanke 06.06.2024
GURO HOFTUN (født 1970). Journalist og forfatter. Hun har skrevet romanene
Fri tanke 06.06.2024

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt