Bok og bibliotek
07.02.2019
Eg hugsar då eg søkte min første bibliotekarjobb. Som blodfersk bibliotekar hadde eg ikkje mykje relevant å skryte av i porteføljen og på cv-en.
Eg trur eg nemnte både at eg hadde vore elevrådsleiar, barnepassar og hamburgerseljar i tillegg til ekstrajobben på sjukeheim. Referansane eg hadde som barnepassar for naboen eller godteriseljar i kiosken heime var ikkje noko eg la ved søknaden. Mange år seinare som biblioteksjef var eg van med å ha unge og nyutdanna kandidatar til intervju på diverse stillingar. Og eg hugsar eg sa noko om manglande erfaring til eit ungt, nyutdanna menneske som sat nervøs på andre sida av bordet,
Gå til mediet