Grave- og grunnarbeidet er fullført. Bygget skal vere klart i 2026. Kostnadsramma er komen opp i omtrent 12 milliardar kroner. Jan Helge Solbakk, professor ved Senter for medisinsk etikk (SME) ved UiO, er i utgangspunktet positiv til prosjektet.
- Det er eit flott initiativ, seier han.
Ei rekke naturvitskaplege og medisinske miljø er tiltenkt plass, men så langt ingen frå humaniora eller samfunnsvitskap.
- Det er dette som er nedslåande, seier SME-professoren.
Avgjerande med nær kontakt
Solbakk viser til at livsvitskapen er ei viktig drivande kraft i utviklinga av både medisin og samfunn, med stort potensial til å endre livsvilkåra til folk på ulike måtar.
- Dette medfører kritisk viktige etiske, samfunnsmessige og filosofiske spørsmål. Då er det avgjerande med nær kontakt mellom forskarar som nærmar seg desse spørsmåla, og forskarar som utfører naturvitskapleg grunnforsking og klinisk forsking, seier Solbakk.
Han meiner ei viss samlokalisering er naudsynt for å sørge for at samarbeidet blir tett nok mellom miljø frå medisin og naturvitskap (mednat) og humaniora og samfunnsvitskap (humsam).
- Difor er det høveleg �