Bok og bibliotek
11.12.2020
Svein Arne Tinnesand, avdelingsdirektør i Nasjonalbiblioteket, hadde eit innlegg i Bok og Bibliotek 5/2020 om korleis stoda eigentleg er i folkebiblioteka.
Er det ein nedgang, som mellom anna Enger-utvalet tok til orde for, og som ein til dømes opplever i Arendal ved Ola Eiksund? Eller er ressursbruken meir eller mindre stabil, og på veg oppover igjen etter ein liten dupp, kompensert for konsumprisindeksen? Og spelar biblioteksektoren sin del av det totale kulturbudsjettet ei rolle slik Georg Arnestad hevdar?
Les mer«Man måste hela tiden jämföra» seier Ingemar i «Mitt liv som hund». Det er alltids nokon som har det verre. Og det er det jo. Men kva skal ein jamføre med? Feilen i Tinnesand sitt reknestykke, er at han brukar konsumprisindeksen for å samanlikne forbruket gjennom ein tiårsperiode. Dersom ein kommune har akkurat same drift, stillingar og innkjøp to år på rad, aukar ikkje kostnaden med konsumprisindeksen. Han aukar med det ein kallar den kommunale deflatoren, eit tal som kombinerer pris- og lønsvekst. Kostnadene i kommunesektoren er mykje meir lønsbasert enn prisbasert, og dei fleste åra er lønsveksten større enn prisveksten. Då må kommunane kompenserast mei