BUSKAP
18.09.2017
Siste helga i august er eit høgdepunkt for mange kuinteresserte bønder, ungdommar og ungar i Jærregionen. Då møtest ein for å visa fram kyr og kalvar ein har brukt tid og krefter på å trena og stella. Den gode drøsen med andre likesinna og spenninga med konkurransane gjer god stemning.
Nytt av året på Jærmessa var at ku, ungdoms- og kalvemønstring var på same dag, sundagen. Fem deltakarar i ungdomsmønstringa og sju deltakarar i kalvemøntringa viste fram velstelte dyr på ein flott måte. 19 kyr stilte opp i konkurransane om å verta Miss Jæren eller Gullkua, fordelt på ni NRF, sju Jersey, to Holstein og ei kryssningsku. I år vart det ny rekord med fem deltakarer i «Gullku»klassen, der kyrne må ha fullført tri laktasjonar for å delta. Her er det ein fordel å ha hatt mange kalvar. I tillegg får kyrne poeng for yting, kalvingsintervall, celletal og eksteriør.
Gå til mediet


































































































