Den norske tannlegeforenings Tidende
16.06.2016
Av tannlege Johnny Grøthe Korleis eitt og hitt går i framtida, veit me ikkje noko om. Me lyt berre vona at alt går bra. Å kalla på høgare makter for innverknad derifrå er det også mange som gjer.
I gamle dagar, i alle fall i Hallingdal, sette folk si von til at dei skulle vera i stand til å gjera det dei prata om - visst me leva o ha helsa, sa dei. Så fekk det stå til, alt overlete til det som vert kalla fatalisme. I innbydingar til kristelege møte vart det også ofte teke etterhald om at om Gud vil vert det halde møte på nærare oppgjeve tid og stad. Denne fatalismen finn me også i Bibelen. Kristendomen har sitt eige uttrykk for dette, Deo Volente, det vart ofte brukt til slutt i eit brev, om at brevet måtte koma fram om Gud ville. Også i Jakobs brev i Det nye test
Les mer