AddToAny

Ingen veit kva forsking er

Det finnast ingen norsk definisjon av forsking som det er brei semje om i forskarsamfunnet. Likevel skal forskarar og forskingsinstitusjonar vere tydelege på kva som er forsking og kva som ikkje er det.
Grensene mellom forsking og andre typar kunnskaps-produksjon, for eksempel utgreiingar, evalueringar og konsulentverksemd, kan vere svært flytande. Tydelege skilje manglar også mot utvikling og innovasjon.

- Behovet for eit klart svar på kva forsking er, har bygd seg opp over tid. Mangelen på eit slikt svar blir stadig meir problematisk - ikkje minst sidan forsking i aukande grad er underlagt ulike lovreglar, seier John Peter Collett, professor i historie ved Universitetet i Oslo.

Collett har universitetshistorie som eitt av sine fagområde, og meiner mangelen på ein klar definisjon har gått frå å vere noko forskingsmiljøet kan leve med, til å bli eit ganske brennbart spørsmål.

Truverde under press

Det er utfordrande, både for forskinga og forskingsetikken, å definere eigne grenser og eige verkeområde, ifølge forarbeida til den gjeldande forskingsetikklova.

Kunnskapsdepartementet valde å legge OECD sin definisjon av forsking og utviklingsarbeid til grunn i lovproposis-jonen. Det til trass for at denne definisjonen blei laga for å kunne samanlikne økonomisk aktivitet - altså kor mykje pengar ulike land brukar på forsking og utvikling (FoU).

- Den seier ikkje noko om kva slags normer som må ligge til grunn før noko kvalifiserer til forsking, seier Annette Birkeland, jurist og sekretariatsleiar i Det nasjonale utvalget for gransking av uredelighet i forskning (Granskingsutvalget).

OECD sin definisjon er nedfelt i den såkalla Frascati-manualen, som blir forvalta av Norsk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU) her i Noreg. Instituttet har ansvaret for den norske FoU-statistikken.

- Formålet med definisjonen i Frascati-manualen er å lage statistikk, seier Sveinung Skule, direktør i NIFU.

Upraktisk OECD-definisjon

Ifølge manualen er FoU «kreativ verksemd som blir utført systematisk for å oppnå auka kunnskap, herunder kunnskap om mennesket, kultur og samfunn - og omfattar også bruken av denne kunnskapen til å finne nye bruksmåtar. For å falle inn under FoU-omgrepet må aktiviteten innehalde noko nytt, vere kreativ, ha usikkerheit knytt til resultatet, vere systematisk og kunne overførast og/eller reproduserast.»

- Denne definisjonen er i realiteten vanskeleg å bruke for

Les mer

Flere saker fra Magasinet Forskningsetikk

Professor David Southall avslørte at 33 barn ble utsatt for livstruende vold av sine foreldre. Den kontroversielle bruken av skjult kamera gjorde ham til den mest omstridte barnelegen i Storbritannia.
Noen mener ny teknologi kan bli vår redning. Andre ser for seg menneskehetens undergang. Vi bør se oss tilbake mens vi går framover.

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt