AddToAny

I hytte og vær

Korleis vil DNT-hyttene, og den gode, gamle hyttekulturen sjå ut i framtida?
LIKESTILLING I PRAKSIS, Fannaråkhytta, tidleg 2000-tal
«Vi lå overalt, tett i tett på madrasser på gulvet. Jeg hadde kona mi, Ingrid, på den ene siden og en nederlender på den andre. Midt på natta vekket nederlenderen meg , da greide han tydeligvis ikke å styre nysgjerrigheten lenger. Han nappet meg i ermet og hvisket: Have you really been the prime minister in Norway? Da jeg sa ja, ble det mye hvisking og tisking bortover madrassene. Men jeg er ikke helt sikker på om han trodde meg.»
- Jens Stoltenberg Mang ein sliten turgåar har funne husvære i turisthyttene, blant dei Jens Stoltenberg og ein forundra nederlendar på Fannaråken for nokre år tilbake.
Eit slags kongen på trikken-augneblink i DNT-verda.
Eit bilde på at under hyttetaket er vi likestilte.
Alle skal få plass. Og: Komfort er relativt. Medan den private hyttemarknaden er prega av store og moderne hytter, jacuzzi og innfelte downlights, er turisthyttene meir primitivt anlagt. Varmekablar er sjeldan vare, vassklosett likeeins. Lydisolering er ofte fråverande, og intimsonene til for å brytast. Men vent litt. Er det ikkje arkitektur av über-moderne klasse vi kan speide der nede på berga ytst på odden Ryvarden i Sveio, kor fem små hytter klorer seg fast? Og er det ikkje både kaffitraktar og kjøleskap vi kan speide gjennom det fem meter lange vindauget? Og privat toalett - innandørs?!
Flokehyttene. Ei suksesshistorie utan like om ein skal døme ut frå popularitet og interesse. Den mest besøkte hytta på UT.no i 2021. Under ei veke tok det frå hyttene vart lagt ut for bestilling, til overnattingane for heile det komande året var rive vekk. Utseld. Fullt. I likskap med Justin Bieber-konserten på Telenor Arena i 2012.
Er det slik framtida ser ut?

SETTER SKÅPET PÅ PLASS, Skåpet, 21. august, 2016
Lat oss starte med denne augustdagen for seks år sidan i Ryfylke. Nærare 600 personar er samla på dei varme svaberga sør for Lysefjorden, blant dei helse- og omsorgsminister Bent Høie. I henda held han to klatretau med kvar sin karabin i enden. Han koplar dei saman som ei alternativ form for snorklipping:
«Turistforeningen knytter sammen folk og land med sine mange hytter, det samme vil jeg gjøre! Som helseminister er det enestående å se det arbeidet Stavanger Turistforening gjør for folkehelsen.»

Med det blei Skåpet offisielt opna, ei sjølvbetjent DNT-hytte ulik alt anna i DNT den gong si 148 år lange historie. Kall det gjerne eit futuristisk hyttetun, med seks såkalla sovehytter og ei hovudhytte. Kvar sovehytte kan tingast i si heilheit, slik at du kan kombinere privatliv med sosialisering andre stader enn på ei madrass på golvet, til dømes over kjøkkenbenken eller sofaen i hovudhytta.
Skåpet var ikkje heilt uventa gjenstand for debatt, mykje på grunn av brotet med den tradisjonelle hyttearkitekturen.
- Det har vore viktig for oss å få fram at vi ikkje skal bygge hytter som Skåpet overalt. Vi har framleis alt det andre. Vi har 46 hytter i Stavanger Turistforening, den eldste frå 1891. Eit stort spekter med noko for kvar smak, seier Preben Falck, dagleg leiar i Stavanger Turistforening (STF).
Debatten om hyttearkitektur finn ein spor av gjennom store delar av DNT si historie, og vil truleg fortsetje i heile organisasjonen si levetid. Nokre likar det tradisjonelle, andre ynskjer det moderne ve
Gå til mediet

Flere saker fra Fjell og Vidde

Bosted Bergen ? Yrke Bioinformatiker Havforskningsinstituttet ? Leser Magasiner som Terrengsykkel og Fri Flyt Ser på Ut i naturen på NRK ? Beste
Fjell og Vidde 14.06.2022
Store Austabotntind er en portal inn til alpinismens vidunderlige verden. Et 2204 meter høyt monument over klatreglede.
Fjell og Vidde 14.06.2022
En fersk rapport viser at seks av de ti nasjonale villreinområdene ikke tilfredsstiller minimumsmålet i den såkalte kvalitetsnormen for villrein.
Fjell og Vidde 14.06.2022
Når barna blir store, blir fjellene større.
Fjell og Vidde 14.06.2022
Fjell og Vidde 14.06.2022

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batliv bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt musikkultur natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt