AddToAny

Hygge på brygge

Hygge på brygge
Ryddig materialestetikk møter havets sanseopplevingar ved hamnefronten i Oslo. Her er det noko reelt maritimt på ferde.
Dyr og menneske har ei medfødd tilbøyelegheit til å leike, skriv den amerikanske rekreasjon- og fritidseksperten George Torkildsen i Leisure and Recreation Management (2005). Torkildsen argumenterer for at dette bør takast på større alvor i byplanlegging, særleg når det er snakk om offentlege rom. Det kan verke som om det har vore ein viktig faktor i arbeidet med den ytre delen av Rådhusbrygge 2, som inviterer til fysisk utfalding.
Dottera mi på halvanna år gjorde maks ut av dette potensialet då eg hadde henne med på synfaring. Ho hadde det eksepsjonelt moro med å bølge rundt i nettet og kunne nok blitt verande der resten av dagen. Å springe opp og ned trerampane like ved var nesten like stas. I sum ei barnevennlig oppleving. Historisk fundert Den renoverte versjonen av Rådhusbrygge 2 opna 23. november 2017. Bar Bakke landskapsarkitekter har teikna på oppdrag frå Oslo Havn. Bar Bakke har satsa på tre og brustein som førande materiale. Frå ein stig inn på brygga kan ein følgje dei to materiala i lengderetning heilt til tuppen. Det framhevar den slanke rektangelforma som brygga alltid har hatt. Samstundes er brygga todelt, kor av den første delen, nærast land, er veldig ryddig og rettlinja; eit geometriserande formspråk som står til dei to eksisterande bygningane på brygga, ein trafo og eit paviljongforma hamneskur.
Nye element som benker og infrastrukturkasser vitnar om nye tider, samstundes som det også er rom for historiske referansar. Kassene inneheld opplegg for vatn, spillvatn og straum, slik at skip som ligg bunkra effektivt får tilgang, i tråd med den historiske funksjonen til brygga. Rådhusbryggene 2, 3 og 4 var opphavleg bygd som betongspuntkaier med granittforblending over vatn. I dagens versjon av Rådhusbrygge 2 er både granitt og betong vidareført, ikkje minst som dekorative innslag. Det historiserande preget samsvarer med ambisjonen om at rådhusbryggene skal få ei klarare estetisk heilheit, som anbefalt i Maritim Kulturminneplan for Oslo Havn (2012).
Men historia tek ikkje heilt overhand. Ein ser at dette er ei nydesigna brygge. Det er særleg tydeleg på den ytre delen. Sjølv om materiala langt på veg er dei same, kjem «Sjølv om materiala langt på veg er dei same, kjem det subtile skifte som vinkelendringar i kasser og benker."

det subtile skifte som vinkelendringar i kasser og benker. Desse er distribuert utover brygga i tilsynelatande symmetrisk formasjon, men ikkje heilt. Den vesle ubalansen gjer at opplevinga aldri blir statisk.
Det er også fleire element som ikkje var
der frå gamalt av, slik som to store glasfelt ein kan gløtte ned i sjøen gjennom. Vidare utover kjem det til syne ei opning i brygga,
Gå til mediet

Flere saker fra Arkitektur N

At den svenske boken Jane Jacobs idéer om människor, städer och ekonomier
Arkitektur N 28.10.2022
Charlottenlund gravlund ble innviet i 2020. Et ni hektar stort område hadde da blitt forvandlet fra jordbruksland til en helt ny og livssynsnøytral gravplass, ca.
Arkitektur N 28.10.2022
Torsteinsen design har gjennom flere år skapt liturgisk inventar som tar troen inn i vår tid.
Arkitektur N 28.10.2022
På landets største gravlund har alle Gravferdsetatens arbeidsoppgaver blitt en øvelse i biologisk mangfold og grønn omstilling.
Arkitektur N 28.10.2022
Hyggelige omgivelser scorer høyt når vi skal spise lunsj, viser en ny undersøkelse. Dette tok AJ Produkter konsekvensen av da de skulle innrede sin nye kantine. Den er blitt riktig pen og innbydende, og svært så representativ.
Arkitektur N 28.10.2022

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt