Bedre Skole
28.05.2021
Historisk empati er eit nytt omgrep i læreplanane i samfunnsfag og historie, men det er ganske ukjent i Noreg. Når lærarar no skal fremje dette, er det viktig at vi først finn ut kva det skal tyde, og korleis lærarane kan nytte det i undervisninga si.
Kunnskapsløftet 2020 introduserer omgrepet historisk empati i norsk skule. I historie i vidaregåande er det eitt av fire kjerneelement, og i samfunnsfag i grunnskulen står det under kjerneelementet samfunnskritisk tenking og samanhengar (Utdanningsdirektoratet, 2020a, 2021). Læreplanane gjer det likevel ikkje klart kva historisk empati tyder, og i denne artikkelen vil eg presentere omgrepet slik eg har vidareutvikla det til norsk kontekst. Eg vil òg drøfte utfordringar og moglegheiter ved å fremje historisk empati i samfunnsfag- og historieundervisning. Eg vil for det meste bruke tidlegare internasjonal forsking, men òg gje nokre døme frå mitt pågåande doktorgradsarbeid. I dette arbeidet undersøker eg omgrepet kritisk ved å sjå på undervisning om kolonihistoria i Afrika slik ho vart praktisert i fire 9.-klassar.
Perspektivtaking: kontekstualisering og innleving
Historisk empati inneber enkelt sagt å forstå fortida frå ein historisk aktør sitt perspektiv; å sjå kva samfunn ho levde i, og i lys av dette vurdere hennar liv, mogelegheiter og val.1 Eit døme frå mitt prosjekt er å forstå kvifor ei engelsk kvinne i 1912 ville vere misjonær i Uganda, eller kvifor ho let barna bli igjen i England. Andre døme kan sjølvsagt finnast i alle historiske tema. Eit bilete som vert brukt i forskingslitteraturen, er å gå i andre sine sko.
Historisk empati og perspektivtaking i historie inneber fleire ferdigheiter. I mi utvikling av omgrepet er det to føresetnadar: Elevane må forstå at notid og fortid er ulike, og dei må gjerast medvitne sine notidige forståingar. Og det er to ferdigheiter: kontekstualisering og innleving.2 Elevane må meistre å analysere historiske kjelder og bygge ein historisk kontekst. I tillegg til denne kognitive dimensjonen, som legg vekt på å forstå gjennom analyse, er det også ein emosjonell dimensjon som legg vekt på å forstå gjennom innleving. Innleving inneber at elevane brukar sine eigne erfaringar og følelsar til å leve seg inn i kva reaksjonar og synspunkt dei historiske aktørane kunne ha i ulike situasjonar (Endacott og Brooks, 2013).
Historielærarar vil truleg her ha konkludert med at dette ikkje er nye perspektiv i historieundervisninga, og sjølv om omgrepet historisk empati er relativt nytt, bygger det på ein lang fagleg tradisjon. Likevel kan ein argumentere for at historisk empati tydeleggjer to viktige aspekt. Det er for det første ei eksplisitt samankopling av kognitive og emosjonelle perspektiv i historielæring. For det andre er det ei eksplisitt samanstilling av to ulike mål for historiefaget:
disiplin- og innhaldslæring, å analysere kjelder og veve ein kontekst, og livslæring, å kunne ta ein annan sitt perspektiv (Endacott & Brooks, 2018). Øving i ei slik perspektivtaking er viktig i samtida for å unng�
Gå til medietPerspektivtaking: kontekstualisering og innleving