BUSKAP
05.03.2018
Dette var tittelen på sluttseminaret for prosjektet «Heilgrøde som fôr til mjølkekyr» som blei arrangert som ein del av Grovfôrkonferansen 2018 i Stjørdal. Resultata frå prosjektet så vel som frå internasjonal forsking viser som så ofte elles: Verdi og bruksområde av varen er avhengig av vêr, dei valga bonden gjer og kva dyra elles treng.
I Buskap nummer 3/2017 blei det presentert resultat frå dyrkingsforsøk på Kvithamar i Stjørdal som viste at stivelsesinnhaldet i heilgrøde aukar mykje frå tidleg til sein deigmodning. Samtidig er det lite avling å hente med å dryge haustinga utover i deigmodningsstadiet.
Relativt vidt haustevindu
I dei to forsøksåra på Kvithamar var fordøyelegheita høgast ved medium deigmodning, men forskjellane mellom sein og tidleg hausting var mindre enn venta. Konklusjonen var at haustevinduet for heilgrøde er relativt vidt, men ved å hauste midt i deigmodningsstadiet (Zadoks 85; innhaldet i kornet byrjer å bli fast og er ikkje så lett å presse ut, og eit neglemerke vil bli ståande) vil ein få både høgt stivelsesinnhald (20-30 prosent), brukbar fordøyelegheit (74 - 84 prosent) og samtidig ein del NDF (35-45 prosent). Dei som vel å dyrke heilgrøde legg gjerne også vekt på at dei får store avlingar i attleggsåret når grøda vert sådd som dekkvekst. Ettersom kveite har eit opnare bestand enn bygg, kan kveite gi betre vilkår for etablering av gras og kløver i attlegget, men på grunn av seinare hausting kan ein også få den motsette effekten med lågare avling i første engår etter kveite enn etter bygg.
Aksandelen seier mykje om stivelsesinnhaldet
Det er vanskeleg å bruke Zadoksskala til å spå om stivelsesinnhaldet. Derimot vil ein ved å ta ut ei represe
Gå til medietRelativt vidt haustevindu