Tidligere i høst ble Sigrid Seimoverrasket med Bergen Journalistlags hederspris, denne gangen var det en av de yngre medlemmene som skulle hedres.
Vinneren av Årets studentpris er Dagen-journalist Johanna Magdalena Husebye, for artikkelen «Bestefars selvmord», som startet som et studentprosjekt mens hun var tilknyttet Senter for undersøkende journalistikk (SUJO) i Bergen.
Artikkelen ble publisert i VG 11. mai i fjor.
- Det er veldig fint å sjå at SUJO her i Bergen kan utdanne journalistar som går rett inn i tunge saksfelt og lagar topp journalistikk. Det skal vi vere stolte over. Eg håpar også at dei gode orda frå juryen kan varme Husebye på dei grå kvardagane som det også er ein del av i bransjen vår, skriver leder for Bergen Journalistlag, Jens Kihl, i en kommentar.
Årets Gullparaply-jury har bestått av juryleder Guro Valland, Håvard Bjelland, Jørgen Lyngvær, Tomas Bruvik og Charlotte Helleland.
Juryens begrunnelse:
Journalistikk er forteljingar om røyndomen. Livet slik det skjer. Nokre av historiene kan vera enkle å formidla. Andre kan vera svært vanskelege. Det krev kløkt, respekt og tillit for å koma i mål.
Som menneske har me sams at me alle er fødde og at me alle skal døy. Å skriva godt om døden er vanskeleg. Å skriva godt om sjølvmord er endå meir vanskeleg.
Eldre menneske gjer også slutt på det å leva. Etter eit langt liv med store smerter vart 77 år gamle Bjørn Gustav Brenna ein del av statistikken. Kvifor er det så vanskeleg å snakka om at eldre menneske tek livet sitt, spør journalisten, og byrjar på det som er eit imponerande stykke arbeid om eit svært viktig tema, framleis skygga av tabu og skam.
Dette er sterk journalistikk som treff med stor kraft, forsterka av nedstrippa visuelle verkemiddel. Samfunnet har vorte ein litt meir open stad takka vera dette prosjektet.
Vinnaren av årets Studentpris er: Johanna Magdalena Husebye, Senter for undersøkende journalistikk, for «Bestefars selvmord».
Image-text:
Leder for Bergen Journalistlag, Jens Kihl (på skjermen), overrasker Johanna Magdalena Husebye med Årets studentpris.
Foto: Bergen Journalistlag