AddToAny

Har kvalitetstilskottet gjort okseslakta betre?

Har kvalitetstilskottet gjort okseslakta betre?
Da kvalitetstilskottet på storfekjøtt vart innført frå 01.01.2014, var målet å stimulere til meir storfekjøtt. For NRF-oksar har gjennomsnittleg slaktevekt auka kvart år etterpå, og samtidig har gjennomsnittleg klasse auka litt med unntak av i 2017. Dessverre aukar feittgruppa i takt med dette. Auke i kjøttfylde gjev meir mat per kg slakt, men ikkje meir mørt og saftig storfekjøtt.
Tilskott blir gjeve for alle slaktegrupper med unntak av Ku og Okse, og for klasse O og betre. Feittgruppe må nå vera under 4-. Fram til 01.01.2017 var det lik sats for klasse O og betre, men frå da vart satsen redusert frå 4 til 3 kr i klasse O og opp frå 4 til 7 kr for klasse O+ og betre. Seinare er dette ytterlegare endra til 2,50 pr. kg for klasse O og 7,50 kr pr. kilo for klasse O+ og betre.

Korleis har tilskottet påvirka vekter og slaktekvalitet?
Utviklinga for NRF skil seg lite frå kjøttferasene bortsett frå at kjøttfegruppene ikkje har hatt auke i slaktevekter i 2017.
I Figur 1 viser vi kor stor andel av alle Ung okse-slakt (for alle raser samla) som har oppnådd klasse O og klasse O+ og betre i åra 2011-2017. Kvalitetstilskottet vart innført i 2014.

Figur 1 viser ein auke i andel slakt som er gode nok for å oppnå kvalitetstilskott, og ein stadig større del av desse har oppnådd det høgaste tilskottet, det vil seia klasse O+ og betre. Summen av desse klassene var 82,8 prosent i 2011, og høgste nivå hittil var i 2016 med 88,3 prosent. Dette skuldast både ei positiv utvikling generelt, og at ein større del av slakta kjem frå kjøttfe etter kvart som antal mjølkekyr i Norge blir redusert.
Figur 2 viser tydleg at Ung okse av kjøttfe-rasene oppnår vesentleg betre klassifisering enn NRF-oksane. Med nåverande satsar på 2,50 kr/kilo i klasse O og 7,50 kr/kilo i klasse O+ og betre betyr det at NRF-oksane i middel oppnår 3,95 kr/kilo medan Limousin-oksane oppnår 7,44 kr/kilo i kvalitetstilskott i middel.

Store skilnader i slaktekvalitet mellom NRF-buskapane
Slaktedataene i Kukontrollen avslører at det også er store skilnader i slaktekvalitet for Ung okse mellom NRF-buskapane. Anne Gur
Gå til mediet

Flere saker fra BUSKAP

Anders Kringli vokste opp på gården og tok over drifta i 2021. Han jobber fulltid som tannlege ved siden av gården. Foreldrene er pensjonister, men bor fortsatt på gården og hjelper til.
BUSKAP 02.04.2026
Randi Therese Garmo Spesialrådgiver/ veterinær i Tine randi.therese.garmo@tine.no Det er ikkje heilt svart-kvitt når det gjeld tilgjengelegheit hjå dyret på mineral og vitamin, sjå figur.
BUSKAP 02.04.2026
Fagsjef i Tine Rådgiving john.flottum@tine.no
BUSKAP 02.04.2026
Begge avlsforskere i Geno Vi har tatt ut statistikk som viser hvordan de genotypede dyrene fordeler seg per fylke i 2025 pr. 5. desember. Trøndelag på toppen
BUSKAP 02.04.2026
Statistikken fra Animalia pr. 26. november i år underbygger at det er mye å hente på å fôre fram krysningskalver sammenlignet med ren NRF.
BUSKAP 02.04.2026

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt