- NHST er eit attraktivt konsern i stor fart, men då moglegheita i Hordaland dukka opp, var det umogleg å seia nei. Ei lokalavis som Hordaland inneheld alt du treng av gleder og utfordringar i mediebransjen. Her er eg sikker på at det vert givande å vera, seier Valland.
- Hordaland har alle føresetnader for å veksa, både i abonnentar og i digital lesing. Me må òg finna ut om det er produkt eller tenester me bør utvikla for å treffa endå betre. Eller finna smartare måtar å jobba på. Mellom anna ser me eit stort potensiale blant dei yngre lesarane våre, seier ho.
Hordaland er i vekst, og ambisjonen er at veksten skal halda fram, fortel styreleiaren.
- I likskap med andre lokalaviser har Hordaland opplevd ein ny vår etter at me byrja å tilby lesarane eit godt produkt Ã3g digitalt. Framover bør Hordaland halda fram med å veksa og laga relevant innhald i dei kanalane lesarane brukar. Me må Ã3g møta fallande annonseinntekter på ein offensiv måte, seier Rasmussen.
- Valland har solid journalisterfaring og tryggleik i presseetiske vurderingar. Ho har erfaring med å utvikla medier basert på lesarane sine behov, og ei klar forståing av dei kommersielle moglegheitene som finst i ein medieøkonomi som vert meir og meir digital, legg han til.
Hordaland kjem ut på Voss. Avisa er den eldste nynorsk-avisa i landet, grunnlagt i 1883. Hordaland hadde i 2020 eit opplag på 8159.
Image-text:
Guro Valland vender heim til Voss for å ta over Avisa Hordaland.
Foto: Vidar Herre / Avisa Hordaland


































































































