BUSKAP
05.03.2018
Det meste av norsk jord, vêr og plantemateriale ligg i europeisk førstedivisjon for avlingspotensial for gras. Avlingsstatistikken seier at vi tar ut godt under halvparten av dette potensialet, og det er grunn til å spørre kvifor.
Vi har lite dyrkajord i Norge, men kvaliteten er det lite å utsetje på. Nibio har nyleg publisert ein rapport (https://brage.bibsys.no/xmlui/ handle/11250/2484038) der dei klassifiserer 54 prosent i kategorien svært god jordkvalitet, medan 37 prosent er av god jordkvalitet (Figur 1). Sjølv om jordsmonnet er godt, kan drifta bli begrensa av høgt innhald av grus og stein, bratt helling, øyer av blottlagt fjell og andre faktorar som gjer maskinbruk vanskeleg. Om ein føreset at jord som frå naturen si side er dårleg drenert, blir godt grøfta, er det berre ni prosent av totalen som ligg i klassen med store driftstekniske begrensninger.
Det meste av norsk jord er også tørkesterk. Det er berre rundt 30 prosent som ut frå innhald av leir, silt og sand og storleiken på jordvolumet er noko eller svært tørkeutsett. Graset har altså bokstaveleg talt grunnlag for å gro godt.
Vêret og lyset er ikkje dårleg det heller
Lenger sør i Europa har dei sjølvsagt lengre vekstsesong og høgare temperatur i sesongen enn oss. Vår kombinasjon av lange og lyse dagar, stort sett nok nedbør og gode temperaturar for grasvekst, kan likevel gi ein svært høg produksjon i
Gå til medietDet meste av norsk jord er også tørkesterk. Det er berre rundt 30 prosent som ut frå innhald av leir, silt og sand og storleiken på jordvolumet er noko eller svært tørkeutsett. Graset har altså bokstaveleg talt grunnlag for å gro godt.
Vêret og lyset er ikkje dårleg det heller
Lenger sør i Europa har dei sjølvsagt lengre vekstsesong og høgare temperatur i sesongen enn oss. Vår kombinasjon av lange og lyse dagar, stort sett nok nedbør og gode temperaturar for grasvekst, kan likevel gi ein svært høg produksjon i


































































































